Tilrettelagte grupper
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Me tilbyr:
- Opplæring i tilrettelagte grupper (4-6 elevar) innan alle utdanningsprogram skulen tilbyr.
- Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev.
- Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass blir vurdert etter behov og nytte.
For meir informasjon kan du ta kontakt med rådgjevar ved skulen
Innhald i opplæringa:
- I gruppe for arbeidstrening (4-6 elevar) legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
- I grupper for kvardagslivstrening (4-6 elevar) vert det særleg vektlagt opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.