Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF Mekanisk (TIP)

TAF-utdanninga går over over fire år. Etter ferdig utdanning oppnår du dobbel kvalifikasjon: både fagbrev  og studiekompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk. Det betyr at etter endt utdanning, kan du enten søkje deg vidare på høgskule eller universitet, eller du kan halde fram som fagarbeidar i ei bedrift innan faget ditt.

3562n 110.jpg

 

Søknadsskjema TAF

På desse åra får du praktisk og teoretisk opplæring til fagbrev innan industriteknikk , og du oppfyller fagkrava for inntak til høgare utdanning. Utdanninga er først og fremst retta mot deg som ynskjer å studere på høgskule- eller universitetsnivå og sikter mot å bli ingeniør eller sivilingeniør. Du får fordjuping i faga matematikk og fysikk. 

Med fullført TAF-utdanning, vil du ha eit svært godt grunnlag for vidare studiar og arbeid i tekniske fag, eller andre bransjar.

 Fagfordeling TAF Mekanisk (TIP)

 

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Matematikk (1T, R1, R2) 5 5 5 0
Naturfag 5 0 0 0
Engelsk 5 0 0 0
Norsk 0 4 4 6
Samfunnsfag 0 0 0 3
Historie 0 0 5 0
Kroppsøving 0 2 2 0
Fysikk 0 0 5 5
Programfag i skule 6 10 0 0
Jobb i bedrift 15 15 15 21
Sum timetall pr veke (45 min t) 36 36 36 35