Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Me tilbyr:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)
  • Vg2 Produksjon og industriell teknikk (PIT)
  •  TAF Teknikk og industriell produksjon (Tekniske allmenne fag)

På Fusa vgs har me eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spennande veksling mellom praksis og teori.  Utdanninga har fokus på samarbeid skule-bedrift.  Denne fagplattforma er det etterspurnad etter i mange bransjar.

 Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan tekniske fag,  kan du søkje TAF.

TAF (tekniske allmenne fag) TIP

Kvifor velje teknikk og industriell produksjon (TIP)?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.

Kva kan du bli?

  •  CNC-operatør
  •  Sveisar
  •  Platearbeidar
  •  Industrimontør
  •  Industrirøyrleggjar

Meir om yrkesvalg innan TIP på vilbli.no 

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk (1P-Y) 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35

Første året

3562 169Tip.jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)

Kjerna i TIP er teknologi, og jobbane endrar seg heile tida i takt med ny teknologi og nye miljøkrav.
Skulen har tett samarbeid med lokale bedrifter om utplasseringer i løpet av skuleåret.

Elevane har teoretisk og praktisk yrkefagleg  opplæring 3 dagar i veka. Ved bruk av vårt moderne verkstad  gjev dette ei brei plattform for vidare yrkesval. Etter TIP kan du blant anna gå vidare på:

  • CNC-operatør, sveisar, platearbeidar, industrirøyrleggjar, industrimekanikar, industrimontør, bilmekanikar, arbeidsmaskinfører, arbeidsmaskinreperatør, offshorearbeider og motormann
Læreplan VG1 Teknikk og industriell produksjon

Andre året

_DsC6312.jpg

Vg2 Industriteknologi 

Industrien tek i bruk ny teknologi som for eksempel robotar for å produsera  meir effektivt.
Vg2 industriteknologi har eit bredt fokus på både teknologi og praktiske ferdigheter, noko som industrien etterspør.

Elevane jobbar også på oppdrag  for private og lokalt næringsliv med oppgåver på skulen. Gjennom arbeidet lærer ein blant anna sveising, maskinering og monteringsteknikker. Måling og det å vera nøyaktig er viktig for å oppnå riktig kvalitet.

Faget skal bidra til å utvikla kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar. Faget skal fremja heilskapleg forståing av produksjonsprosessar, helse, miljø og sikkerhet og leggja grunnlaget for å tenkja tverrfagleg.

Læreplan for Industriteknologi Vg2

Etter fullført vg2/vg3

Etter vg2 kan du søkja om å bli lønna lærling 
i to år og deretter ta fagbrev. Du kan alternativt søkja eit tredje
påbyggingsår som gir generell studiekompetanse. Studiekompetansen  kan også takast etter du har fått fagbrev og
ønskjer vidare høgskuleutdanning.