Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
TAF/YSK-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.
Tekniske allmenne fag (TAF/YSK) er eit samarbeid mellom Fusa vgs og lærebedrifter innan dei ulike fagområda.
Frå hausten 2021 vil Fusa vgs ta inn elevar til lærefaget Automatisering som del av skulen sitt TAF/YSK-tilbod. På TAF-TIF har me fram til no hatt tilbod om å ta fagbrev innan industriteknologifaga på vg2. Frå skuleåret 2021-2022 kan ein også få opplæring i automasjon. På vg1 startar elevane på TAF/YSK-TIF og held fram på automasjon på vg2. Behovet for kompetanse innan automasjon er stort og aukande både i mekanisk industri, oppdrettsnæringa og andre bransjar i vårt område.
Du må senda eigen søknad til skulen. Opptaket vert gjort av bedriftene på bakgrunn av karakterar og intervju.
Søknadsskjema TAF/YSK Rutiner for TAF/YSK-inntak Søk skuleplassMed eit TAF/YSK-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet.
Utdanning.no Tre frå Fusa vgs på NTNUDei ulike TAF/YSK-modellane er like i oppbygging, men det er ulike programfag og kombinasjonar innan realfaga matematikk, fysikk og kjemi. Velg nedanfor for fag- og timefordeling, samt anna informasjon om dei ulike TAF/YSK-retningane.
TAF Helse TAF Mekanisk (TIP) TAF Marin
Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule og lærebedrifter innan ulike fagområde. Etter fire år oppnår du dobbel kvalifikasjon: både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i matematikk og fysikk (på helse med fordjuping i kjemi). Du er elev ved skulen dei to første åra og deretter lærling i bedrift dei to siste - men du har heile dagar i skule/bedrift alle fire åra. Utdanninga er først og fremst retta mot deg som ønsker å studere på høgskule- eller universitetsnivå.