Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du har dermed sjanse til å ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Me tilbyr:

  • 3-årig utdanning som gjev deg studiekompetanse
  • du kan velje fag innan samfunnsfag, språk og realfag
  • valfrie programfag innan formgjevingsfag
  • obligatoriske programfag innan kunst og visuelle verkemiddel, design og arkitektur. 
  • mulighet for kombinasjonsløp med idrett: skiskyting eller volleyball.
  • studietur tredje året.

Med generell studiekompetanse har du mange muligheter vidare.

 

Søk skuleplass

Kvifor velje Kunst, design og arkitektur?

  • Du får generell studiekompetanse
  • Du får ein spennande variasjon mellom teoretiske og praktiske fag
  • Du utviklar kreativiteten din, blant anna  å løysa problem utan fasit.
  • Allmenndanning. Du får kjennskap til den visuelle og estetiske verda.
  • Du får arbeida med tverrfaglege oppgåver, der du ser spanande samanhengar. 

Kva kan du bli ?

Erfaring frå formgjevingsfag er ein fordel om du vil vidare på ulike kreative utdanningar. Kunst, design og arkitektur vil også være nyttig om du til dømes ynskjer å studere til journalist,  lærar, førskulelærar, politi, jurist, økonom, sosionom, sjukepleiar m.m.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall (45 min)
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Geografi 0 2 0
Religion og etikk 0 0 3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Programfag (obligatorisk): Visuelle kunstfag 5 5 5
Programfag (obligatorisk): Design og arkitektur 5 5 5
Valfritt programfag 0 5 10
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35 35
IMG_0783 – Kopi.JPG

KUNST, DESIGN OG ARKITEKTUR

Kunstfaga stimulerer evna til å eksperimentere, og kan opne opp for skaparglede og engasjement. Du øver opp evna til å tenke på nye måtar. Du får brukt hendene dine i praktisk arbeid. Du øver opp kreativiteten din, ein eigenskap du vil ha bruk for i alle fag og elles i livet. Gjennom opplæring og utprøving trenar du på praktiske ferdigheiter og teoretiske kunnskapar. Kunst- og kulturhistorie er ein del av kunstfaga. I kunstfaga lærer du om den visuelle verda rundt deg. Kunnskap om estetikk, design og arkitektur er verdfull kompetanse i mange samanhengar.

  • Du får generell studiekompetanse som gir deg moglegheit til å studere på høgskular og universitet.
  • Variasjonen mellom praktiske og teoretiske fag på timeplanen kan vere motiverande og auke trivselen.
  • Estetisk kompetanse er relevant innafor veldig mange ulike yrke.
  • Evna til å studere og sjå former og fargar, endringar og små forskjellar, er ein eigenskap som er nødvendig i mange ulike yrkesgrupper. 

 

IMG_1852.JPG

PROGAMFAG VED KDA:

 Felles programfag:

  • Kunst og visuelle verkemiddel 1, 2 og 3:  Du får lage arbeid i varierte materiale. Det blir bruk av ulike reiskapar og forskjellige teknikkar, både tradisjonelle og nye, analogt og digitalt. Du får opplæring  i teikning, måling, fargelære, skulptur og installasjon. Du lærer om visuelle verkemiddel som form, komposisjon og proporsjonar. Idé og innhald i arbeida blir diskutert og samtala om. Det blir undervist i å forstå korleis kunst påverkar oss, korleis kunst blir skapt, analysert og tolka.  

  • Design og arkitektur 1, 2 og 3:Med utgangspunkt i aktuelle tema og praktiske oppgåver, vil du få opplæring i å jobbe kreativt med ide-utvikling knytt til ulike uttrykksformer for design og arkitektur. Her vil du få jobbe med utvikling og utforming av ulike former for framtidsretta produkt, tenester, system og meir fysiske omgivnader, samtidig med eit fokus på berekraft og samfunnsansvar. Å byggje modellar er ei vanleg arbeidsform i dette faget.  

 Valfrie programfag: 

  • Foto og grafikk 1 og 2: Via utforsking, eksperimentering  og fordjuping innan kreative og målretta prosesser og praktiske oppgåver, vil du få praktisk og teoretisk opplæring om fotografi og grafisk design. Det vil bli gjort bruk av ulike teknikkar og materiale, der ein både vil jobbe med digitale verktøy og andre ulike uttrykksmetodar. 
     
  • Kunst og skapande arbeid:Her får du kjennskap til samtidskunsten, samtidig som du får jobbe med eigne arbeid både to- og tredimensjonalt. Nokre oppgåver er prosjekt der du får stor fridom når det gjeld val av tema og arbeidsmåte. 
     
  • Arkitektur og samfunn: Du får i dette valfaget kjennskap til korleis byar og stader har blitt utvikla. Du får òg oppgåver der teknikk, form og funksjon er i fokus; då er det aktuelt å bygge konstruksjonar i ulike materiale.  
Uten navhgn-3.jpg
IMG_3459.JPG
Uten navn-1.jpg
Uten navn-3.jpg

vegen vidare

Etter tre år og med studiekompetanse i lomma, kan du velje mellom mange høgare utdanningar. Både utdanningar innan kunst- og design, men du vil også ha ein nyttig kompetanse i kreativitet og problemløysing. Dette er ofte ein viktig del av vidare studiar og dei yrka som utdanninga endar opp i.

utdanning.no
Avdelingsleiar fellesfag
Profilbilde av Gunnar Ljones Dolve

Gunnar Ljones Dolve

Send e-post 91615814