Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr:

  • VG1  Restaurant og matfag
  • VG2 Kokk- og servitør

På Fusa vgs har me moderne kjøken og restaurant. Dette gjev god trivnad og dei beste tilhøva for fagleg utvikling.

 Etter to år hjå oss kan du søkje lærlingplass.

Søk skuleplass Informasjon om læreplass

Kvifor restaurant- og matfag?

Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring.

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar etter endt utdanning innan restaurant og matfag. Du finn ein god oversikt på vilbli.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk (1P-Y) 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35

Første året

3562 123Kokk.jpg

Vg1 Restaurant- og matfag 

Du får god trening i problemløysing og realistiske opplæringssituasjonar,
som i stor grad skjer i praksis på skulen sitt moderne kjøkken og
restaurant, ute i naturen, i bedriftsbesøk og arbeidspraksis i
eksterne bedrifter. Opplæringa legg til rette for at du skal få utvikla
dine kreative evner, og å jobba sjølvstendig og saman med andre.
Du får kompetanse i korleis du skal bearbeida og behandla mat og
drikke på ein berekraftig måte, forstå samanheng mellom
kosthald og livsstil og kunnskap om dei ulike faga innan restaurant og matfag.

Læreplan for Restaurant- og matfag

 

Andre året

3562-129kokk.jpg

Kokk og servitør VG2

Du får auka kompetanse om kundebehandling og ei profesjonell
haldning til faget. Dette inneber eit samsvar mellom produktkunnskap,
rasjonell arbeidsteknikk og evne til å yta god service. I tillegg til
praksisopplæring på skulen, er elevane i løpet av skuleåret heile 9
veker i arbeidspraksis i ei bedrift. Mange elevar teiknar lærekontrakt
i denne perioden. Skulen har tett dialog med bedrifter både lokalt,
nasjonalt og internasjonalt. Kokkar og servitørar snakkar eigentleg
same "språk" - berre ulike dialektar.

Læreplan for Kokk- og servitør

Etter fullført vg2/vg3

Etter fullført vg2 kokk og servitør kan du søkje om å verta lærling i to år og ta fagbrev. Eller du kan søkje eitt redje påbyggingsår og få studiekompetanse (1 år). Du kan og ta påbygg og få studiekompetanse etter at du har fått fagbrev.