Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF Marin

Denne utdanninga går over over fire år. Etter ferdig utdanning oppnår du dobbel kvalifikasjon: både fagbrev innan akvakultur og studiekompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk.

_DsC_6578.jpg
Søknadsskjema TAF

På desse åra får du praktisk og teoretisk opplæring til fagprøven i akvakulturfaget, og fagkrava for inntak til høgare utdanning innan akvakultur, biologi og andre realfaglige og tekniske studiar. Fusa vidaregåande skule har lærlingplassar i lokale, verdsleiande oppdrettsbedrifter og forskingsinstitusjonar.

Med fullført TAF Marin-utdanning, vil du ha eit svært godt grunnlag for vidare arbeid i marin sektor eller andre bransjar.

Fagfordeling TAF Marin.

Det er også mulig å velje fagfordelinga til TAF Mekanisk,  og bytte ut kjemi - med matte R2 (år 3) og fysikk (år 4). Eller du kan velje kjemi-varianten, som nedanfor.

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Matematikk (1T, R1) 5 5 0 0
Naturfag 5 0 0 0
Engelsk 5 0 0 0
Norsk 0 4 4 6
Samfunnsfag 0 0 0 3
Historie 0 0 5 0
Kroppsøving 0 2 2 0
Fysikk 0 0 5 0
Kjemi 0 0 5 5
Programfag i skule 6 10 0 0
Jobb i bedrift 15 15 15 21
Sum timetall pr veke (45 min t) 36 36 36 35