Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Me tilbyr:

  • Vg1 Naturbruk
  • Vg2 Akvakultur
  •  TAF Marin (Tekniske allmenne fag)

På Fusa vgs vil me gje deg ei spennande veksling mellom praksis og teori. Me har flott natur som legg godt til rette for utflukter og ekskursjonar i nærmiljøet. 

 Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan akvakultur, biologi og realfag,  kan du søkje TAF Marin. 

TAF Marin Søk skuleplass

Kvifor velje naturbruk ?

Er du interessert i og har omsorg for natur, mennesker, dyr og miljø? På naturbruk lærer du om samanhengen  mellom biologisk produksjon, naturens tålegrenser og menneskeleg aktivitet.  Du får kunnskap om korleis me kan bruka naturressursane på best mogeleg måte.

Kva kan du bli?

Naturbruk er eit utdanningsprogram for eit yrke innan primærnæringane. Du har mange valg vidare, sjå meir på vilbli.no

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall pr veke (45 min t) 35 35

Første året

_ImG_8370.JPG

Vg1 Naturbruk

På vg1 naturbruk får du ei spennande veksling mellom praksis og teori. Aktivitetane på skulen er praktisk retta der du vil læra om akvakultur, livet i havet og i ferskvatn, fiske og fangst. Du vil få mange fine turar som også vil omfatte overnatting i lavvo, telt og snøhole. Skulen har og eigen båt som vert nytta i undervisninga. På vg1 naturbruk vil du og få sikkerhetskurs for sjøfolk (STCW/IMO 50) og tilbod om ta båtførerprøven. I løpet av skuleåret vil du og få 30 dagar opplæring i ei bedrift innan akvakultur eller fiskeri.

Læreplan VG1 Naturbruk

Andre året

_Mg_1759_.jpg_thumb.png

Vg2 Akvakultur 

På vg2 akvakultur vil du få grundig innføring i teori og praksis ved oppdrett av laks, rensefisk som rognkjeks og leppefisk, og marine artar som kveite, torsk, blåskjell og kamskjell.

Du vil lære korleis me produserer god og sunn sjømat ved hjelp av moderne teknologi på mange ulike område. Studiet dekker alt frå biologi til avanserte datastyrte system for overvåking og prosesstyring. Du vil og få opplæring/sertifisering i bruk av kran og radiokommunikasjon. På vg2 akvakultur vil 9 veker av opplæringa vera ute i ei oppdrettsbedrift. Her kan du prøve ut korleis det er å arbeida i oppdrettsnæringa, og sjå samanhengen mellom teori og praksis.

Læreplan VG2 Akvakultur

 

 

 

vegen vidare

Etter fullført akvakultur kan du søkje om å verta lærling i to år og ta fagbrev. Eller du kan søkje eit tredje påbyggingsår og få studiekompetanse (1 år). Du kan og ta påbygg og få studiekompetanse etter at du har fått fagbrev. 

Korleis få læreplass ?

ynskjer du meir informasjon om naturbruk ?