Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF Helse (Teknisk allmenne fag)

Er målet ditt ei høgare utdanning innan helsefag, kan TAF Helse vera utdanningsvegen å gå.  Etter fire år oppnår du dobbel kvalifikasjon: både fagbrev som helsefagarbeidar og studiekompetanse med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi.

Søknadsskjema TAF

På desse åra får du praktisk og teoretisk opplæring til fagprøven i helsearbeidarfaget, og fagkrava for inntak til høgare medisinsk utdanning. Fusa vidaregåande skule har godt samarbeid med kommunane Kvinnherad, Tysnes, Os, Samnanger, Kvam, Fusa og Helse Bergen om den praktiske delen av opplæringa.

Med fullført TAF Helse-utdanning vil du ha eit svært godt grunnlag for vidare arbeid i helsevesenet.

Fagfordeling TAF Helse

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Matematikk (1T, R1) 5 5 0 0
Naturfag 5 0 0 0
Engelsk 5 0 0 0
Norsk 0 4 4 6
Samfunnsfag 0 0 0 3
Historie 0 0 5 0
Kroppsøving 0 2 2 0
Fysikk 0 0 5 0
Kjemi 0 0 5 5
Programfag i skule 6 10 0 0
Jobb i bedrift 15 15 15 21
Sum timetall pr veke (45 min t) 36 36 36 35