Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Me tilbyr: 

  • Vg1 Helse- og Oppvekstfag (HO)
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar
  • Vg2 Helsefagarbeidar

På Fusa vgs har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

Om du ynskjer ei høgare utdanning innan helsefag, treng du studiekompetanse, då kan TAF Helse være vegen å gå.

TAF Helse Søk skuleplass

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Ynskjer du å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov ? Kanskje du trivst når ingen arbeidsdagar er like og det oppstår nye situasjonar kvar dag? Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg !

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær? Fleire valg finn du på vilbli.no 

Vilbli.no Hordaland helsefagskole

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk (1P-Y) 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35

Første året

_ImG_1385.JPG

Vg1 Helse- og oppvekstfag 

Her får du får kunnskap om helsefremjande arbeid,
korleis kroppen er bygd opp,hygiene,  førstehjelp,
sjukdommar, velferdsteknologi og kosthald.
Du lærer om kommunikasjon, samarbeid og sosial
kompetanse. I faga får ein  knyte teori og praksis saman.
I faget Yrkesfagleg fordjupning (YFF) får du mulighet til å
få yrkespraksis på arbeidsplassar som er aktuelle for vg2. 

Læreplan VG1 Helse- og oppvekstfaget

Andre året

3562 155undervisning.jpg

Vg2 Helsearbeiderfaget 

Helsefagarbeideren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar. I helsearbeidarfaget får du både bl.a. kunnskap om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære, og kor viktig god kommunikasjon er. I praksisperiodane kan du vera  på sjukehus, sjukeheim, bufellesskap og open omsorg.

Kvart år sendar vi elevar til utenlandspraksis. Kanskje vert det du som får muligheten til å reise?

Læreplan Vg2 Helsearbeidarfaget
_DsC_6258.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfaget

Du kan jobba i barnehagar, skular, SFO  og klubbverksemd for barne og unge og gjennom programfaga får du lære om barn og unges utvikling. Du lærer å planleggja og gjennomføra ulike aktivitetar for barn og unge i alderen 0-18 år . Du vert meir bevisst dei utfordringane barn og unge møter i dag for å bli ein god rollemodell. 

Læreplan VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget

vegen vidare

Etter  Vg2 kan du søkja om læreplass(2 år) og ta fagbrev, eller søkje vg3 allmennfagleg påbygging og få studiekompetanse (1 år). Du kan og ta allmennfaglig påbygging etter at du har fått fagbrev.

Korleis få læreplass ?

Kontakt oss