PEDAGOGISK PLATTFORM
Ei pedagogisk plattform skal spegla den pedagogiske drifta ved skulen. Den skal uttrykkja kva verdiar og pedagogisk forståing skulen legg til grunn for sitt arbeid. Ved Fusa vidaregåande skule er det derfor tett samanheng mellom pedagogisk plattform og våre grunnverdiar:
Respekt, engasjement, tryggleik og det å vera samstemt. I tillegg har me følgjande tre grunnpilarar i vår pedagogiske ståstad:
Miljø:
Me ønskjer at elevane tek ansvar, tenkjer kritisk, handlar etisk og miljøbevisst. Dette er forankra i både læreplanverket og i Opplæringslova. Me definerer også miljø til arbeidsmiljøet for elevar og tilsette. Dette er eit ansvar alle må vera bevisst. Kvar enkelt sitt bidrag er med og formar skulen sin kultur. Våre grunnverdiar er derfor viktige i den daglege samhandlinga.
Læring:
Skulen har eit positivt elevsyn som skal gje eleven tru på eiga læring og utvikling. Me tilpassar opplæringa til eleven sine føresetnader. Våre tilsette er aktive deltakarar i eit lærande fellesskap. Dette gjer oss til ein lærande organisasjon, som ser samanhengen mellom læringssyn på den eine sida, og arbeids- og vurderingsformer på den andre sida. Me er endringsvillige og tek tak i nye utfordringar. Denne reflekterande samhandlinga fører til trygge, tydelege og trivelege tilsette. Vårt felles læringssyn fremjar eleven si læring.
Trivsel:
Eit godt skulemiljø er viktig for læringsmiljøet. Me ønskjer at alle elevar og tilsette skal trivast ved skulen vår. Du er den viktigaste personen i dette arbeidet. Det er også avgjerande at aktørane i skulekvardagen er ansvarleggjort i forhold til våre grunnverdiar.
«Det er først når me har ein grunnleggjande fellesskapsbyggjande kultur at me kan få utnytta profesjonskunnskapen.»