Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få  utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet same kor mykje foreldra dine tener.

 Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søkje ?

Du må takke ja til skuleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått opptak, søkjer du om stipend på lanekassen.no eller vigo.no.  Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Korleis får eg pengane?

Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skulen din. Hent brevet der når skulen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta.
For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.

Stipend i Lånekassen

  • Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Unntaka er lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar. 

 

Slik søkjer du om stipend

Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole? Då er det enklast å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skoleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Dine sider på lanekassen.no

Du kan følgje med på korleis det går med søknaden din på Dine sider.

Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skole eller studieretning 
  • flyttar heim til foreldra dine 

Skolen melder frå til Lånekassen dersom du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Skal du på utveksling?

Då må du sende inn stadfesting både frå skolen din i Noreg og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.