Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korona virus info

12.Feb

Bjørnafjorden kommune kjem inn under nivå D neste veke. For vidaregåande skular betyr det gult nivå.
Det betyr at alle elevane følgjer ordinær timeplan på skulen som vanleg, med smitteverntiltak på gult nivå.
Elevtalet vert redusert framover p.g.a. klassar som er i praksis.

Fusa vgs ønskjer alle ei god helg!

7.feb

Fusa vgs er på raudt nivå 08. februar - 14. februar. Bakgrunnen for dette finn du her: https://www.regjeringen.no/…/bergensutbruddet-k…/id2831984/…
Viktig info:
- Sjuke personar skal ikkje vera på skulen
- Hugs god hygiene
- Redusert kontakt mellom personar (minst 1 meters avstand til alle i alle situasjonar)
- Krav om munnbind på skuleskyss dersom ein ikkje klarar å halda avstandsreglar (Skyss forventar vesentleg reduksjon i reisande)
- Elevar og tilsette på skulen kan reisa frå ring 1 (t.d. Bergen) til ring 2 (Bjørnafjorden)
- Følgjande klassar får digital heimeundervisning komande veke:
o KDA- klassane (1,2 og 3) måndag, tysdag og onsdag
o HTA- klassen tysdag og onsdag
o Yrkesfag vg2 torsdag og fredag
o Alle andre klassar følgjer timeplan på skulen som normalt
- Digital hospitering for 10. klasse- elevar går som planlagt

18.jan

Smitteverntiltak vert endra frå raudt til gult nivå f.o.m. onsdag 20. januar.
NB! Tysdag vert det heimeundervisning for yrkesfag vg1 som planlagt. Onsdag, torsdag og fredag vert det undervisning på skulen etter ordinær timeplan for alle elevane.
Det vert særs viktig at alle følgjer smitteverntiltak på gult nivå f.o.m. onsdag. Sjå under for hovudpunkta:
Ingen syke skal møte på skolen
God hygiene
Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
Hele skoleklasser kan ha undervisning sammen
Elever bør ha faste plasser i hvert klasserom eller faste samarbeidspartnere/-grupper
Ansatte kan veksle mellom klasser, men bør holde avstand til elever så langt det er mulig
Utenfor klasserommet oppfordres elever og ansatte til å holde 1 meters avstand i alle situasjoner
Unngå trengsel og store samlinger
Alle elevane vil få ny opplæring i smittevern på gult nivå onsdag.

8.jan

Smitteverntiltak fortset på raudt nivå i veke 02. TAF- klassane har heimeundervisning i veke 02, medan KDA- klassane kjem tilbake til skulen. Me minnar om smitteverntiltaka, spesielt avstandsreglar. Minst 1m avstand i alle situasjonar. I butikk: 2m eller munnbind.
Med ønskje om ei god helg!

 

3.jan 2021

Godt nytt år!
Regjeringa har innført smitteverntiltak på raudt nivå på alle ungdomsskulane og vidaregåande skular i 14 dagar frå 04. januar. Vestland fylkeskommune har i tillegg innført heimeskule måndag 04. januar. Det kan bli fleire dagar. Dette for at skular som ikkje har hatt raudt nivå tidlegare skal få tid til å områ seg. Alle elevane har fått sms og informasjon på It`s learning. Faglærarane er klar med digital undervisning frå 1. time i morgon.
Velkomen tilbake etter ferien!

6.Des

Status smitte:
16 personar vart identifisert som nærkontaktar på skulen (13 elevar og 3 tilsette). Alle vart testa fredag, og alle testane er ila helga blitt klarert negative. Elevane og tilsette som vart testa må likevel følgja karantenereglane. All anna undervisning går som normalt.
Frå raudt til gult nivå:
Som forventa gjorde Bergen kommune og samarbeidskommunane nokre endringar i smitteverntiltaka grunna redusert smitte i fylket. Det eine tiltaket var å gå tilbake til gult nivå på dei vidaregåande skulane frå 07. desember. Du finn informasjon om nivåa på udir.no. Me vil likevel gjera alle merksam på at dei grunnleggjande smitteverntiltaka ligg framleis til grunn:
• Sjuke personar skal ikkje vera på skulen
• God hygiene
• Redusert kontakt mellom personar
o På gult nivå er følgjande presisert: «Utenfor klasserommet oppfordres elever og ansatte til å holde en meters avstand i alle situasjoner.»
Fusa vgs vil derfor halda fram med eigen romplan, eige oppsett for frukost og lunsj og vaktplan i friminutta.
Fusa vgs ønskjer alle ei fin førjulstid og ei god veke!

4.Des
Skulen har fått melding om at ein elev har fått påvist covid19-smitte. Elev går vg2 yrkesfag. Alle nærkontaktar er blitt kontakta, og får gjennomført hurtigtesting i dag. Dette gjeld 13 elevar og 3 tilsette. Desse vert sett i karantene frå i dag etter gjeldande karantenereglar.
Det er ingen mistanke om smitte i andre klassar. Skuledagen vil gå som normalt for dei andre klassane.
Alle vurderingar og tiltak blir gjort i tett samarbeid med smittevernlege i Bjørnefjorden kommune.
Det er sendt ut informasjon på epost til alle føresette, og til alle elevane på It`s learning.
Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål, eller ring koronatelefon i din heimkommune.
Med ønskje om ei god helg!

14.aug
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/ungdomsskole-vgo/

7.mai
Regjeringa har i dag presentert plan for vidare opning av skular. Alle skulane opnar opp igjen måndag 11. mai. Det er me glade for. Samtidig var opninga meir omfattande enn dei fleste hadde forventa. Me vil bruka dagane fram til måndag til å planleggja ein god start for resten av klassane. Regjeringa opnar opp for at skulane vurderer alternerande dagar, ulik oppmøtetid og alternative lokaler. Fusa vgs planlegg for at alle klassane skal koma tilbake, men gjerne med lokale tilpassingar første veka for å sikra smittevern. Elevane vert fortløpande oppdatert via It`s learning.

Me gledar oss til å sjå alle igjen!

23.April
Følgjande klassar startar opp att 27. april:
•Yrkesfag VG2: Undervisning i programfag på skulen måndag, tysdag og onsdag. Heimeundervisning i programfag og fellesfag torsdag og fredag. Akva YFF veke 18 og 19.
•TAF2: Heimeundervisning i fellesfag og programfag måndag og tysdag. Undervisning i programfag på skulen onsdag. Jobb som vanleg torsdag og fredag.
•HTH: På skulen heile veka.
•HTA: På skulen torsdag.
Velkomen tilbake!
•Alle andre klassar vil fortsetja med heimeundervisning, inntil vidare.
Alle elevar og føresette får i dag meir informasjon om smitteverntiltak og plan for resten av skuleåret. Sjå It`s learning og epost.

Ta kontakt dersom spørsmål. Med ønskje om gode dagar!

14.April
God påske!

Minnar om at Fusa vgs har planleggingsdag tysdag 14. april. Heimeundervisninga startar opp att 1. time onsdag 15. april.
Me kjem tilbake med meir informasjon om skuleopning for YF VG2 og TAF2 før 27. april.

13.April
1HOB og Taf helse fikk i oppgave å lage en film som fremmer samarbeid, fysisk og psykisk helse. Her er to av videoene de laget. Se på facebook  https://www.facebook.com/pg/Fusa.vgs/posts/

8.april
Regjeringa opna i går opp for at «yrkesfagelevar som skal ut i lære neste skuleår» kan begynna på skulen igjen 27. april. For vår del vil det gjelda alle klassane på yrkesfag vg2 og TAF2. TAF2 p.g.a. at dei i utgangspunktet pleier å ha tverrfagleg eksamen på vg2. Skulen vil bruka tida godt til å førebu delvis opning, men også til å ha fortsatt fokus på god kvalitet på heimeundervisninga. Kunnskapsministeren sa at målet er å opna opp for alle klassane for sommaren.

3.April
Då er tre veker med heimeundervisning over. Det har vore tre lærerike, utfordrande og interessante veker. Kva som ventar etter påske veit me ikkje enno. Det er sendt ut eit skriv til alle elevar og føresette på It`s learning og e- post i dag. Her vil de finna litt meir informasjon.

Fusa vgs ønskjer alle ein riktig god påskeferie!

Koronainformasjon på fleire språk

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Nasjonalt senter for flerkluturell opplæring (NAFO) har på sine sider samla informasjon om korona på fleire språk. 
https://www.vestlandfylke.no/om-oss/beredskap/korona/korona.informasjon-pa-fleire-sprak/

Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien

Vestland fylkeskommune opprettar ein støttetelefon, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Telefonen er open 12.00-18.00 måndag-fredag.
https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2020/stottetelefon-for-elevar-i-koronatiden/

25.Mars : Som de sikkert kjenner til har regjeringa vedteke å halda skulane stengt fram til påskeferien. Fusa vgs har planleggingsdag tysdag 14. april, så første eventuelle skuledag for vår del vert onsdag 15. april.

Inntil vidare evaluerer me situasjonen jamleg i lag med dei tilsette og elevrådet. Skulen sender ut eit skriv til alle føresette i løpet av veka, med status og tankar om vidare arbeid.

Med ønskje om gode dagar frå Fusa vgs!

Skulemiljøteamet ved Sveinung og Herdis vil ta kontakt med alle elevane på Fusa vidaregåande i løpet av desse to vekene.

Sveinung/Kristine mobil 94010270
Herdis/ Camilla mobil 94009249

Ynskjer du kontakt med elevtjenesta ved Fusa vidaregåande ?
Me er å treffa frå kl 09-15
Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på sms 97965039
Rådgjevar Camilla på tlf 56580909 / 94009249
Skulemiljøkoordinator Kristine på tlf 56580909 / 94010270

Faglærer vil være tilgjengelig ved faglige spørsmål og kontaktlærer vil ha oppfølging som vanlig.

90912918_1514885455336561_7715304063113363456_n.png

 

Låne bøker heimeifrå : Last ned appen "bookbites
Kontakt Gudbjørg på It's learning hvis du trenger lånenummer og pinkode.

90429865_142353820607322_1985439230616141824_n.png

20.Mars : Det var vore ei spesiell og krevjande veke. Me vil rosa elevane for å takla utfordringa på ein god måte. I tillegg til det faglege har kontaktlærarane og elevtenesta prøvd å følgja opp kvar enkelt elev så godt som mogleg.

Denne veka har me gjort oss mange nye erfaringar. Desse erfaringane tek me med oss i førebuinga til neste veke.

Fusa vgs ønskjer alle ei riktig god helg!

16 Mars : Håpar undervisninga har fungert godt i dag, trass kapasitetsutfordringar på It`s learning i starten.

Henting av bøker og utstyr:
Skulen held open til kl 18.00 i dag. Bruk inngangsdøra ved Amfi. Elles er opningstida som vanleg framover, kl 07.30-15.30.

Med ønskje om ei god veke!

Måndag 16. mars fortset skulen med ordinær timeplan frå 1. time, kl 07.45. Undervisninga vil foregå i det digitale klasserommet Meet. Elevane har fått meir informasjon på It`s learning. Faglærarane har førebudd seg godt, og me håpar det fungerer som planlagt.

Etter ei samla vurdering er alle elevar i praksis kalla tilbake til skulen, dvs til nettbasert undervisning. TAF- elevar er i eit tilsetjingsforhold og går på jobb som vanleg. Med atterhald om at det er i tråd med arbeidsgjevar sine retningsliner.

Informasjonsflyt:
Elevane får informasjon frå faglærarar og kontaktlærar på It`s learning. Føresette får informasjon frå skule og kontaktlærarar pr epost. Det vil vera representantar frå administrasjonen til stades på skulen denne veka. Tlf 56580900

Med ønskje om ei god veke til alle!

 

 

Til elevar og føresette ved Fusa vgs                                                 Eikelandsosen, 12. mars 2020

STENGING AV VIDAREGÅANDE SKULAR

Alle vidaregåande skular i Vestland fylke stengjer f.o.m. fredag 13. mars.

Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattforma It`s learning.

Elevar i praksis:

Elevar i praksis (YFF) vert kalla tilbake frå jobb, og vil gå over til ordnær timeplan. Det vil seia å følgja den nettbaserte heimeundervisninga.

TAF- elevar har eit tilsetjingsforhold og må følgja arbeidsgjevar sine retningsliner for dei dagane dei er på jobb. Dei andre dagane følgjer dei den nettbaserte heimeundervisninga. 

Skulen vil vera open i desse to vekene. Elevar kan derfor koma innom og henta bøker og utstyr dersom behov.

Følg elles med på informasjon som vert sendt ut framover.

Ta kontakt om det er spørsmål om noko.

Med helsing

Håvard Ragnhildstveit

rektor
Fusa vidaregåande skule

 

Til info: 14 elevar frå Fusa vgs var i nord- Italia 21.-23. februar 2020. Reisefølgje reiste heim tidlegare enn planlagt for å unngå koronavirus- smitte. Skulen har fulgt Folkehelseinstituttet sine retningsliner i etterkant: "Friske personer som de siste 14 dagene har oppholdt seg i et område med vedvarende spredning bør følge med på tegn til luftveisinfeksjon (feber, hoste og andre luftveissymptomer) i 14 dager etter oppholdet og ta kontakt med helsetjenesten (per telefon) ved symptomer. Dersom de ikke har vært i nærkontakt med personer som er bekreftet syk med koronaviruset og ikke har symptomer på luftveisinfeksjon, kan de omgås andre som normalt. God hånd- og hostehygiene er et generelt smittevernråd. Friske personer som de siste 14 dagene har hatt kontakt med en person som er bekreftet syk med viruset bør ta kontakt med helsetjenesten og vil følges opp."

Skulen gjennomfører generelt ulike tiltak for smittevern denne veka. Ta kontakt med skulen dersom det er spørsmål om noko.