Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Samarbeid med andre land

Korleis samarbeidar Fitjar vidaregåande skule med andre land?

Skulen vår har lang tradisjon med internasjonalisering, samarbeid med andre land, både når det gjeld arbeidsutplassering og studieturar.

Vi har mellom anna gjennom fleire år hatt eit samarbeid med ADC College i London. Dei har ansvar for å skaffe praksisplassar og vertsfamiliar til elevane våre. I år var vi så heldige å få tildelt 10 stipend gjennom Erasmus+ og Hordaland Fylkeskommune.

I februar 2017 reiste 10 elevar til London. Elevane var fordelt på dei ulike klassane på Vg2. Dei skulle bu og arbeide i London i 14 dagar. Opphaldet vart svært vellykka for alle.

Her er bilete frå diplomutdelinga siste dag og nokre andre situasjonar.