Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vaksenopplæring

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning, studierettleiing og realkompetansevurdering for vaksne.

Helsearbeidarfag 2.jpg

Vidaregåande for vaksne

Vi tilbyr opplæring i utvalde yrkesfag ved Fitjar vidaregåande skule.

Fagtilbod og søknad

Det er Senter for voksenopplæring, Stord vidaregåande skule som organiserer opplæringa. Besøk nettsida til senteret for å sjå fagtilboda og søke plass.

Senter for voksenopplæring

Du kan og få studierettleiing og realkompetansevurdering. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett.

Du har vaksenrett dersom du

  • fyller 25 år eller meir det året du søker
  • ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare eller
    har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • søker i heimfylket ditt
  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Vaksne under 25 år

Alle har rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Er du under 25 kan du søke vanleg vidaregåande skule.

Les meir om retten din til vidaregåande opplæring