Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.
Har du gått eit yrkesfagleg program, men funne ut at du vil studera vidare på høgskule eller universitet? Treng du generell studiekompetanse ?
Då bør du søka påbygging til generell studiekompetanse.
I desse klassane vil du møta elevar frå fleire ulike utdanningsprogram. Mange kjem rett frå vg2, andre har hatt pause og fleire elevar har vore lærlingar og har teke fagbrev.
Vg3 elevar har 30 timar pr veke, altså 5 timar færre enn Vg1-Vg2. Desse elevane kan velja mellom biologi og psykologi 1 som programfag.
Elevar med bestått fagbrev har 23 timar i veka. Desse har ikkje programfag og kroppsøving.
Dette mangfaldet av ulike ressursar og evner gjer klassane til ein spanande og kreativ stad å vera. Her er det mykje spanande læring, teori, mykje arbeid både på skule og heime.
Frå russerevyen våren 2015
Fag | Timetal VG3 |
---|---|
Historie | 5 |
Kroppsøving | 2 |
Matematikk | 5 |
Norsk | 10 |
Naturfag | 3 |
Programfag | 5 |
Sum timetall per uke | 30 |