Me starter oftast året med tema "yrke i tidlegare tider". Me besøker mellom anna Årskog museum og ser og høyrer korleis det var i trenge hjelp av datidas helsevesen.
Sein haust/tidleg vinter har Vg1 HO og Vg2 Helsearbeidar eit samarbeidsprosjekt på HSH. Me får då benytte oss av lokala og utstyret til sjukepleiarhøgskulen, og Vg2 instuerar Vg1-elevane i ulike prosedyrar. Veldig kjekt og lærerikt for både Vg1 og Vg2.
Det er to gode praksisperiodar der elevane får prøve seg på ulike yrkesmuligheter. Dei fleste får prøvd seg i skule, barnehage og i sjukeheimar, men og nokre innanfor andre yrke; hudpleiar, apotekteknikkar mm.
Ellers har Vg1-klassane gode tradisjonar for å hente inn fagkompetanse for å sjå på ulike yrkesvegar. Til dømes har ambulansetenesta vore innom og informert og vist fram utstyr som ein treng i yrket som ambulansearbeidar.
Sosiale turar til Bergen kombinert med godt fagleg innhald er og med på å gi elevane variert undervisning og skapar godt samhald mellom elevane.