Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr:

  • Vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
Søk skuleplass

Kvifor velja Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign?

Vg1 legg eit godt grunnlag for å jobbe med kreative handverksfag. Her vert du kjent med dei ulike yrka. Me reiser på bedriftsbesøk, ulike utstillingar og har fleire periodar med praksisutplasseringar.

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke, som blomsterdekoratør, frisør, interiørkonsulent, utstillings- eller profileringsdesigner og maskør- og parykkmaker. 

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1
Matematikk 3
Engelsk 5
Naturfag 2
Kroppsøving 2
Felles programfag 17
Prosjekt til fordjuping 6
Sum timetall per uke 35

Første året

Balerina.jpg

På vg1 får du arbeida praktisk og kreativt med oppgåver innan dei ulike yrkesfaga. Du vil få grunnleggande innføring i emne som komposisjon, form, farge, kreativ tenking, stilhistorie, mote og trendar. Du vil læra å nytta ulike teknikkar, verktøy og materiale. Du vil arbeida med alle fasar i ei produktutvikling frå ide til ferdig produkt.

I løpet av skuleåret vil me besøke ulike bedrifter, kunstutstillingar og anna som kan vera aktuelt for yrkesfaga. Vg1 har mellom anna fast samarbeidsprosjekt med bokfestivalen Falturiltu der elevane jobbar med utstillingsdesign. I faget Yrkesfagleg fordjuping får du vera ute i bedrift og prøva deg i eit lærefag.

Kompetanse innan kreative handverksfag er nyttig anten du ønskjer å utdanne deg til frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent eller du berre ønskjer å utvikle dine kreative evner. Etter 2 år på skule kan du søkje om læreplass i godkjende bedrifter. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida. Med generell studiekompetanse kan du søkje høgare utdanning på høgskular og universitet.

Kontaktperson

Avdelingsleiar
Profilbilde av Guro Betten

Guro Betten

Send e-post 53457814

VEGEN VIDARE

Etter 2 år i lære kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).