Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skuleskyss

Bussruter:

kl 0650:

  • 1 buss frå Leirvik - Sagvåg - Fitjar vgs
  • 1 buss frå Leivik - Litlabø - Fitjar vgs

kl 0710:

  • 1 buss frå Leirvik - Litlabø - Fitjar vgs
  • 1 buss frå Leirvik - Sagvåg (må byte buss ved gamle Sagvåg skule) - Fitjar vgs
  • 1 buss frå Leirvik - Rommetveit - Fitjar vgs

kl 0730:

  • Koløyholmen - Helland - Fitjar vgs

kl 0740:

  • Sandvikvåg - Fitjar vgs

kl 1415/1416:

  • 1 buss frå Fitjar vgs (busstopp) - Sagvåg - Kværner - Leirvik
  • 1 buss frå Fitjar vgs (busstopp) - Litlabø - Leirvik
  • 1 buss frå Fitjar vgs (busstopp på "oppsida" av vegen) - Jektevik -
    Rommetveit - Leirvik
  • 1 buss frå Fitjar vgs (Kultur-idr.bygg) - Helland - Koløyholmen

kl 1420:

  • 1 buss frå Fitjar vgs ("busstopp på "oppsida" av vegen - Sandvikvåg - Rommetveit - Leirvik

 

Ungdomskortsoner
Skulekort (gratis)
Tapte og øydelagte kort
Misbruk av kort
Drosje/spesialbil
Praksisutplassering
Hybel - Skyss ved heimreiser
Informasjon om søknad
Skuleskyss
Særskilt skuleskyss

Ungdomskortsoner

Stord / Leirvik:

Alle husstandar med postnummer:

  • 5410
  • 5411
  • 5412
  • 5414 Rommetveit
  • 5415
  • 5416
  • 5417

Elevar som bur i eit område med tilfredstillande kollektivtilbod på fritida må kjøpe Ungdomskort. Prisen på dette kortet er kr. 300,- pr. mnd. og gjeld på ekspressbussar, snøggbåt- og ferjeruter, buss og lokaltog. Kortet kan elevane bruke så mykje dei vil heile månaden i Hordaland Fylke. Samordninga gjeld for alle elevar under 20 år. Etter fylte 20 år får du ikkje lenger kjøpe Ungdomskort, då gjelder vanlege reglar om skuleskyss.

Bur du utanfor desse områda, gjeld dei ordinære reglane om skuleskyss. Ta kontakt med kontoret  dersom du er usikker på om du bur i ei ungdomskortsone.

For kjøp av Ungdomskort, sjå www.skyss.no for nærare informasjon.

Elevar under 16 år må vise inntaksbevis / stadfesting i frå skulen ved kjøp av ungdomskort. 

Skulekort (Gratis)

Dei som har rett på skulereisekort er dei elevane som fell utanfor samordninga med ungdomskort og som har postnummer:

  • 5414 Fjellgardane og Vatna
  • 5419

I tillegg til elevar i frå:

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Etne
  • Kvinnherad
  • Os / Bergen 
  • Sveio
  • Tysnes osv.

 

  • Er funksjonshemma eller har sjukdom som gjer at du treng skyss
  • Må reise med båt

Skulereisekortet gjeld for eitt skuleår/skulehalvår og omfattar:

  • Reiser mellom bustad og skule
  • 2 – to reiser pr. dag med eventuell overgang
  • Alle skuledagar

Kortet er sperra for reiser i helgar/fridagar.

Tapte og øydelagde skulekort

Ta godt vare på kortet du får! Elevar som mistar eller øydelegger kortet må betale administrasjonskostnad på kr. 50,- for å få utlevert eit nytt kort.

Tap av kortet må meldast til kontoret snarast! Inntil du får nytt kort må du sjølv dekke reiseutgiftene. Tapte rabattkort og verdikort blir ikkje erstatta. Kort som ikkje lenger er i bruk skal leverast inn på skulen der du har fått det utlevert.

Misbruk av kort

Misbrukte kort blir dragne inn. På lik line med andre passasjerar kan du bli kravd for tilleggstakst ved misbruk av kort.

Vær merksam på at sjåfør/kontrollør kan forlange legitimasjon i tillegg til skulereisekortet.

Drosje/spesialbil

Dersom du trenger tilrettelagt skyss grunna funksjonshemming, sjukdom eller skade må du levera erklæring frå lege/behandlande psykolog til kontoret. Søknaden blir ikkje vurdert før slik erklæring er levert. I erklæringa må det gå fram kva slags skyssbehov du har (buss/drosje), samt tidsrom for skyssen. Dersom føresette eller du sjølv kan køyre er det reglar for skyssgodtgjersle.

Praksisutplassering

Dersom du har praksisutplassering som ein del av den obligatoriske undervisninga gjeld dei same reglane for skyss som mellom bustad og skule. Praksisstaden skal primært vera i Hordaland.

Elevar med Ungdomskort – eller som bur innanfor eit ungdomskortområde – må nytte dette til/frå praksis. Utlegg til kjøp av Ungdomskort blir refundert (kr. 360,-).

Hybel – skyss ved heimreiser

Den fylkeskommunale skuleskyssordninga dekkjer berre den daglege skyssen mellom bustad og skule! Heimreisa kjem ikkje under skuleskyssordninga.

Informasjon og søknad

Søknader om skuleskyss skal meldast inn elektronisk. Meir informasjon om dette og reglar om skuleskyss finn du på:

www.hordaland.no/skoleskyss 

 

Skuleskyss 

Elevar som har rett på skuleskyss, får eige skulekort. Kortet gjeld på strekninga mellom heim og skule og gir rett til to turar i tida mellom 05.00 og 23.00.

I Hordaland nyttar elevane som hovudregel 30- dagars ungdomsbillett til skuleskyssen (ungdomskort). Dette gjeld også elevar med avstand mellom heim og skule på over 6 km, og som ikkje er fylt 16 år. Det betyr at funksjonsfriske elevar under 20 år, som bur innanfor definerte område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida, ikkje har rett på gratis skuleskyss. Dei må kjøpe ungdomskort om dei ynskjer skyss.

Dersom du har meir enn 6 km avstand mellom heim og skule, har du rett på fri skuleskyss viss du:

  • Du er over 21 år
  • Eller bur i eit område med definert lavt rutetilbod

Skuleskyssordninga dekker ikkje:

  • Uregelmessig transport i forbindelse med til dømes: utplassering, ekskursjonar og tentamen etc. i skuletida.
  • Skyss av elevassistentar
  • Reiser på ferie- og fridagar

 Ver merksam på:

  •  At du må gi beskjed til skulen ved varig endring av reisestrekninga di
  • At skulen eller fylkeskommunen har nærmare reglar for skuleskyss og førebelsskyss

 

Særskilt skyss

Elevar med funksjonshemming, skade eller sjukdom, som har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden. Dersom du treng særskilt skyss må du levera erklæring i frå lege/behandlande psykolog til skulen. Søknaden blir ikkje vurdert før slik erklæring er levert. I erklæringa må det gå fram kva slags skyssbehov du har (buss/drosje), samt tidsrom for skyssen.

Søknaden om særskilt skyss, skal gjerast elektronisk.

Har du spørsmål om skuleskyss, ta kontakt med kontoret på skulen.