Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon om klagefristar og fråvær, våren 2021

Elevar har rett til å klaga på standpunktkarakterar og karakterar i orden og åtferd. Klagefristen er 10 dagar etter at karakter er kunngjort. Elevane har rett til å få grunngjeving frå faglærar før dei klager.

Dersom eleven ber om grunngjeving, gjeld klagefristen frå eleven fekk grunngjeving. Alle klagar må leggast inn via dette elektroniske skjemaet (NB: krev pålogging med Min Id): https://skjema.vlfk.no/opplaering/elev/Klage_Skule 

Elevar på vg3/4 har i tillegg moglegheit til å legga inn ein hurtigklage, noko som gir raskare handsaming. Hurtigklagefrist for klagar på standpunktkarakterar på vg3/4 er sundag 20. juni. Dei som klagar før fristen, vil då få svar på klagen sin i veke 26. Dersom det er kapasitet, vil klagenemndene også handsama klager frå elevar på vg1 og vg2-yrkesfag i hurtigklagehandsaminga. Andre klager vil bli handsama i august.

Elevane må og kontrollera detaljfråværet sitt før skuleslutt. Frå hausten 2021 går Vestland fylket over frå Skolearena.no til Visma InSchool, og detaljfråværet vil då ikkje bli overført til det nye systemet, berre totalfråværet.