Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om Fitjar vgs

Fitjar vidaregåande skule ligg like aust for Fitjar sentrum. Skulen har ca. 280 elevar inkludert vaksenopplæring og om lag 50 tilsette. Hausten 1999 fekk vi nytt tilbygg. Her er nye kjøkkenavdelingar, garderobar, kantine, naturfagrom og andre klasserom. Det er også gjort omfattande ombygging og modernisering av skulen. Rett attmed skulen ligg kultur- og idrettsbygget, der elevane har kroppsøving. Fitjar folkebibliotek og treningssenter held til same bygget.

Ein god plass å vera - ein god plass å læra

Sittergruppe i foajeen


Adresser

Besøksadresse: Havnavegen 2, 5419 Fitjar 
Postadresse: Postboks 44, 5418 Fitjar 

Efaktura-adresse: 9908:938626367 (EHF-format) 
Om elektronisk faktura

Fitjar vidaregåande skule er ein skule med høg trivsel. Elevundersøkinga har i mange år vist "grøn score", som er best resultat. 

I kvar klasse er det frå 25-30 elevar, to kontaktlærarar, og i dei fleste timane er det to lærarar. Dette gjer at lærarane kan leggje betre til rette og sjå kvar enkelt elev.

Kontoret

I ekspedisjonen ved inngangen til gamlebygget møter du Karianne som hjelper deg med praktiske spørsmål, som t.d. skuleskyss og lån og stipend. 

Ekspedisjonstid: 07.45 - 15.00

Konsulent
Profilbilde av Karianne Pedersen Nonås

Karianne Pedersen Nonås

Send e-post 53457811

 

Flyfoto.jpg

Fitjar vgs på kartet

Fitjar vidaregåande skule ligg aust for Fitjar sentrum, like ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Avstandar:
Sandvikvåg: 7 km - Sagvåg: 19 km - Leirvik: 27 km

Bibliotek i peisestova
Bibliotek i peisestova

Biblioteket

Biblioteket ligg i det eldste rommet på skulen, i eit heimekoseleg miljø.

Lærebøker kan du låne heile skuleåret medan andre bøker er lånetida 4 veker. Me har ein elevmaskin der du kan låne/levere bøkene sjølv.

Eg som bibliotekar ønsker at dørene alltid skal vera opne så du kan nytte lokalet både til arbeid og pausar.

Arbeidstidene mine varierer, og eg skriv skilt på døra kvar veke om når eg er til stades. Elles er eg stort sett alltid på huset tirsdag, onsdag og torsdag. Velkomen inn!

Bibliotekar
Profilbilde av Rita Hindersland Huse

Rita Hindersland Huse

Send e-post 90968843
Sofagruppe i kantina
Sofagruppe i kantina

Kantina

Skulen har ei moderne kantine i den nye delen av skulen.

Kantina er eit samlingspunkt og ein sosial arena for både elevar og lærarar. Kvar dag kan ein få gratis frukost/havregraut og til lunsj kan du kjøpa middag, brødmat eller salat. Kantina har ein sunn profil, der det m.a. er billig salat i salatbaren.

 

Leiinga

Rektor
Profilbilde av Leif Helge Engelsen

Leif Helge Engelsen

Send e-post 53457810
Ass rektor/Avd. leiar RM og fellesfag
Profilbilde av Christer Stewart Aarbø

Christer Stewart Aarbø

Send e-post 53457817
Avd.leiar HO og DH
Profilbilde av Guro Betten

Guro Betten

Send e-post 53457813

  

LEIINGA

Elevinspektør/Studie- og yrkesrådgjevar
Profilbilde av Hilde Førre

Hilde Førre

Send e-post 53457814