Fitjar vgs på kartet
Fitjar vidaregåande skule ligg aust for Fitjar sentrum, like ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Avstandar:
Sandvikvåg: 7 km - Sagvåg: 19 km - Leirvik: 27 km
Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Besøksadresse: Havnavegen 2, 5419 Fitjar
Postadresse: Postboks 44, 5418 Fitjar
Efaktura-adresse: 9908:938626367 (EHF-format)
Om elektronisk faktura
Fitjar vidaregåande skule er ein skule med høg trivsel. Elevundersøkinga har i mange år vist "grøn score", som er best resultat.
I kvar klasse er det frå 25-30 elevar, to kontaktlærarar, og i dei fleste timane er det to lærarar. Dette gjer at lærarane kan leggje betre til rette og sjå kvar enkelt elev.
Les om dei ulike programområda i skulebrosjyren vår.
I ekspedisjonen ved inngangen til gamlebygget møter du Karianne som hjelper deg med praktiske spørsmål, som t.d. skuleskyss og lån og stipend.
Ekspedisjonstid: 07.45 - 15.00
Fitjar vidaregåande skule ligg aust for Fitjar sentrum, like ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Avstandar:
Sandvikvåg: 7 km - Sagvåg: 19 km - Leirvik: 27 km
Biblioteket ligg i det eldste rommet på skulen, i eit heimekoseleg miljø.
Lærebøker kan du låne heile skuleåret medan andre bøker er lånetida 4 veker. Me har ein elevmaskin der du kan låne/levere bøkene sjølv.
Eg som bibliotekar ønsker at dørene alltid skal vera opne så du kan nytte lokalet både til arbeid og pausar.
Velkomen inn!
Skulen har ei moderne kantine i den nye delen av skulen.
Kantina er eit samlingspunkt og ein sosial arena for både elevar og lærarar. Kvar dag kan ein få gratis frukost/havregraut og til lunsj kan du kjøpa middag, brødmat eller salat. Kantina har ein sunn profil, der det m.a. er billig salat i salatbaren.