Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkommen

skulen-11.jpg

Eg vil på vegne av alle tilsette ved skulen ynskja deg velkomen som elev ved Fitjar vgs. Alle me som jobbar her vonar at du vil finna deg til rette både fagleg og sosialt saman med oss og alle medelevane dine.

Du som no startar på Fitjar vgs får ein unik sjanse til å starta utdanninga di med dyktige lærarar som har høg fagkompetanse og medarbeidarar som yt profesjonell service. Alt er lagt til rette for at du kan vera med på å skapa den skulen som du sjølv ynskjer saman med oss og dei andre elevane.

Me har som mål at du som elev skal utvikla kunnskap, dugleikar og haldningar for å kunne meistra livet ditt og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Me ynskjer at du skal oppleva gode læringsprosessar, tett oppfølging, tydeleg leiarskap, gode relasjonar mellom elevar og tilsette, godt elevdemokrati m.m. På Fitjar vgs BRYR ME OSS om kvarandre og om læringa!

På Fitjar vgs skal me møta elevane med tillit, respekt og krav. Me er høflege med kvarandre og praktiserer «god folkeskikk» og likeverd og inkludering skal kjenneteikna skulen vår. Me ser fram til å bli kjend med deg og at me saman skal gjera skuleåret for deg til det beste året så langt i livet ditt!

På måndag vil me ta imot om lag 195 elevar. Også i år vert skulestarten noko annleis enn me ynskjer, grunna ein litt usikker situasjon med smitte lokalt. Me har førebudd oss godt til å ta imot dykk, og har gode rutinar for smittevern. Skulen er på «grønt nivå» – som vil seie god handhygiene, ikkje kome på skulen om du er sjuk, unngå fysisk kontakt som klemming og handhelsing.

Møt kl. 0800 måndag 16. august utanfor skulen. Der vil kontaktlærar og leiinga møta deg og visa deg til klasserommet. Det er gratis havregraut i kantina frå kl. 0730.

Velkomen med på laget!

«Fitjar vgs skal vera ein god stad å vere – ein god stad å læra»

Venleg helsing

Leif Helge Engelsen
Rektor