Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkommen

skulen-01.JPG

Eg vil på vegne av alle tilsette ved skulen ynskja deg velkomen som elev ved Fitjar vgs. Alle me som jobbar her vonar at du vil finna deg til rette både fagleg og sosialt saman med oss og alle medelevane dine.

Du som no startar på Fitjar vgs får ein unik sjanse til å starta utdanninga di med dyktige lærarar som har høg fagkompetanse og medarbeidarar som yt profesjonell service. Alt er lagt til rette for at du kan vera med på å skapa den skulen som du sjølv ynskjer saman med oss og dei andre elevane.

Me har som mål at du som elev skal utvikla kunnskap, dugleikar og holdningar for å kunne meistra livet ditt og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Me ynskjer at du skal oppleva gode læringsprosessar, tett oppfølging, tydeleg leiarskap, gode relasjonar mellom elevar og tilsette, godt elevdemokrati m.m. På Fitjar vgs BRYR ME OSS om kvarandre og om læringa!

På Fitjar vgs skal me møta elevane med tillit, respekt og krav. Me er høflege med kvarandre og praktiserer «god folkeskikk» og likeverd og inkludering skal kjenneteikna skulen vår. Me ser fram til å bli kjend med deg og at me saman skal gjera skuleåret for deg til det beste året så langt i livet ditt!

Velkomen med på laget! 

«Fitjar vgs skal vera ein god stad å vere – ein god stad å læra»

Venleg helsing

Leif Helge Engelsen
Rektor

Rektor
Profilbilde av Leif Helge Engelsen

Leif Helge Engelsen

Send e-post 53457810