Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Utstilling i Losjen

Utstilling-05b.JPG

Elevane på Design og handverk har dei siste vekene jobba entusiastisk med leire og fått til mange flotte keramikk-produkt.  I går vart dei siste produkta tatt ut av omnen og det var klart for utstilling i Losjen.

Både ordførar og andre interesserte var på plass i Losjen då klassen opna utstillinga si i Losjen i går kl. 13.00. Prosjektet "Firing Up" er eit samarbeid med Norske Kunsthåndverkere, og Fitjar vidaregåande er ein av ti skular i landet som har fått gleda av å vera med.

Tidlegare avdelingsleiar Johanne Gram Langeland tok initiativ til å søkja, og elevar og lærarar har den siste tida fått profesjonell hjelp til både plateteknikk, pølseteknikk, dekorteknikkar, glassering og brenning av keramikar Anneli Belsvik Aras.

Gro Yngvild Tenmann og Åse Markhus er lærarar i klassen, og set stor pris på at dei har fått vera med på dette, og ser at dei no er tryggare på å fyre opp keramikkomnen. 

Under opninga av utstillinga i Losjen uttrykte både rektor og andre at dei var imponert over både prosess og resultat. Josefine H. Gunning delte ut velfortente blomar til Anneli B. Aars frå elevane, avdelingsleiar Guro Betten delte ut blomar til dei to lærarane, og lærarane delte ut kvar si rose til elevane. Alle involverte konkluderte med at dette vart eit veldig kjekt og vellukka prosjekt.  

I utstillinga var det òg vandrestavar og plakatar.

Utstilling-03.JPG
Utstilling-06.JPG
Utstilling-07.JPG
Utstilling-13.JPG
Utstilling-16.JPG
Utstilling-08.JPG
DH-damene.jpg

Anneli B. Aars, Åse Markhus, Gro Yngvild Tenmann og Johanne Gram Langeland

Utstilling-09.JPG