Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Til Polen og Ukraina

Ukraina-4b.jpg

12 elevar i barne- og ungdomsarbeidarklassen er i desse dagar på tur til Polen og Ukraina saman med dei to lærarane sine, Sissel Jørgensen og Erling Grov.

Heilt sidan 2006 har barne- og ungdomsarbeidarfag hatt eit prosjekt i Ukraina for å hjelpa barn og eldre i den fattige byen Bobrynets. Her skal dei m.a. innom ein barneheim for å dela ut gåver og leika med barna. 

I løpet av hausten har klassen samla inn flasker og fått inn pengar på ulike andre måtar. 11. april var den årlege Ukraina-basaren med åresal, loddbøker og gode kaker, der ein fekk inn over 18.000 kr. 

Turen starta søndag med fly frå Flesland til Kraków i Polen, der dei besøkte Auschwitz I, Auschwitz II Birkenau og Schindlers fabrikk. Her er mange inntrykk frå korleis jødiske familiar hadde den under den andre verdskrigen.

Vidare gjekk turen med tog til Kiev i Ukraina, og 1. mai var dei på besøk hos Norsk Folkehjelp i den ukrainske hovudstaden, før turen gjekk vidare til Bobrynets.

I tillegg til kjøp og utlevering av gåver, blir det tid til kulturutveksling, kartlegging av vidare behov og leggja planar for neste år, før turen går med buss tilbake til Kiev på laurdag.

Måndag er elevar og lærarar turistar i Kraków, i tillegg til å jobba med rapport og reisebrev frå ulike aktivitetar og besøk, og tysdag kjem dei tilbake med fly til Flesland.