Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Temaveke om eldreomsorg

Livsglede i vindmølleparken-1.jpg

Tidlegare denne månaden hadde helsefag-klassen temaveke om eldreomsorg, og tradisjon tru vart det arrangert eldredag på skulen med ulike innslag og gode fløytekaker. Seinare same veka inviterte dei seniorar med på tur til vindmølleparken i Midtfjellet.

Onsdag 2. oktober var rundt 100 personar samla i kantina på skulen, då eldrerådsleiar Eva Pernille Tufteland kunne ønskja velkommen til eldredagen. Elevar på RM hadde laga mange gode snittar og fløytekaker, medan elevane i helsefagklassen stod for pynting, dekking, servering og rydding.

Eldredag-12.jpg
Eldredag-04.jpg


Dei eldre sette stor pris på å møtast, eta god mat og slå av ein prat, men det vart òg tid til underhaldning med kåseri av Halvard Wiik og musikk av Finn Maraas på trekkspel.

Allereie fredagen same veka vart dei eldre på nytt invitert til å vera saman med elevane våre, og mange nytta høvet til å bli med til Midtfjellet Vindpark i buss. Turen var eit "Livsglede for eldre"-tiltak, og i tillegg til guida tur med Johannes Koløen, vart det servert eplekake og kaffi på Midtfjellet Terrasse ved Olstjødno.

"Livsglede for eldre" hjelper eldre med å komma seg ut og sosialisera seg, og fleire eldre får tilbod frå elevane ved skulen vår kvar veke. Det kan vera ulike aktivitetstilbod eller hjelp til å gå på butikken og handla.

Livsglede i vindmølleparken-3.jpg
Livsglede i vindmølleparken-5.jpg