Skulestart på plenen

I dag starta i underkant av 200 elevar det nye skuleåret i skodda på plenen utanfor skulen.
Pga Covid-19 vart det ikkje tradisjonell opning i kultursalen i år, men elevane samla seg ved skilta som var sett opp for kvart programområde/klasse på plenen framfor hovudinngangen.
Rektor ønska velkommen, og elevane gjekk klassevis saman med sine kontaktlærarar til dei ulike klasseromma.

