Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Siste skuledag i 2019

Juleavslutning-31.JPG

Siste skuledag før jul vart flagget heisa til topps, og både tilsette og elevar feira med kake at fylkespolitikarane ønskjer å satsa vidare på skulen. Det har vore volleyball-turnering og jule-aktivitetar i dei ulike klasseromma - og felles juleavslutning i kantina til slutt.

8 elev-lag var påmeldt til volleyballturneringa, og det vart fleire spennande kampar utover føremiddagen. Turneringa var organisert som cup, og etter dei 6 første kampane var det helsefag-klassen og HOB1 som stod igjen i finalen. Det vart ein jamn finale, der elevane frå helse- og oppvekstfag stakk av med sigeren til slutt. Deretter var det tradisjon tru superfinale mellom vinnarlaget og lærar-laget. Dette vart òg ein tett match, der lærarlaget til slutt stakk av med ein knipen siger i tredje sett.

Det vart servert gratis graut i kantina, og mot slutten av skuledagen var alle invitert til kake og juleavslutning. Hilde Førre leia samlinga, der det var premiering, trekking av julekalender-gevinstar, diktlesing, julehelsing frå rektor Leif Helge Engelsen og ulike musikk-innslag på storskjerm. Skuledagen vart avslutta med juleevangeliet, lese av Oda Volden de Fine og allsong på «Deilig er jorden».

Juleavslutning-01.JPG
Juleavslutning-08.JPG
Juleavslutning-18.JPG
Juleavslutning-20.JPG
Juleavslutning-23.JPG
Juleavslutning-34.JPG
Juleavslutning-36.JPG
Juleavslutning-41.JPG