Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Open skule

FVS-09436_1.jpg

Tysdag 18. februar har me open skule på Fitjar vidaregåande skule mellom kl. 14.00 og 19.00. De vert mogleg å sjå på lokala våre, besøka elevar og lærarar i klasseromma og å få informasjon om tilbodet vårt. Dei ulike linjene har og ekstra aktivitetar og sal av elevarbeid. Kantina vår er open heile dagen, og elevane på restaurant- og matfag lagar mat: ta middagen og kaffien hos oss og sjå kor kjekt me har det på Fitjar! Velkommen til oss!

AKTIVITETAR I KLASSEROMMA f.o.m. kl. 14:00:

  • Kjøkken 1 & 2: Elevar frå vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør lagar maten som skal serverast i restauranten vår denne dagen. Det vert og mogleg å kjøpa ulike elevprodukt.
  • Kjøkken 3: Elevar frå vg1 helse- og oppvekst viser fram kjøkkenundervisninga. Her kan ein m.a. få smaksprøvar på fiskesuppe, grove rundstykke, fylte horn og vaflar.
  • Naturfagsalen: Elevar frå vg1 helse- og oppvekst bygger solceller og viser hjarteslag.
  • Klasserom B-131, B-134/135, B-235 & B-238 (rom 1 & 2, 3, 8 & 9): Elevar frå vg1 helse- og oppvekst viser ulike aktivitetar frå linja. Her kan ein m.a. besøka stands som viser fram dei ulike yrke, prøve hjarte- og lungeredning, sjå arbeid med digital forteljinga og mykje meir.
  • I klasseromma i kjellaren: Elevar på vg1 design- og handverk lagar embalasje til ei ungdomsbedrift på RM og fortel om den nye linja vår som byrjar hausten 2020: Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.
  • På sjøsida: Elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidar står i grindabygget og i lavo og viser fram friluftsliv. Ein kan og besøke elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidar i klasserom B-122 (BU-rommet) der dei har stasjonsundervisning.
  • Klasserom B-224 & 223 (sjukestell og rom 5): Elevar frå vg2 helsefagarbeidar har stasjonsundervisning og viser fram fagaktivitetar på linja.
  • Klasserom B115 og A-044 (rom 6 & rom 11): Elevar på vg3- og vg4-påbyggingsfag har stands som fortel om dei ulike faga og gir informasjon om korleis det er å ta påbygg hos oss.

MAT:

  • Elevane frå vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør inviterer til tre-rettes-meny i skulen sin restaurant. Til forrett blir det potetlefse med røykelaks og vaffel med spekemat og tyttebærkrem, til hovudrett blir det fiskesuppe m/fisk og brød, og til dessert blir det solbærmousse og coulis. Det vert to serveringar, første runde frå 15.30-16.30 og andre runde frå 17.00-18.00. Pris pr. person er 150,-. For tinging av bord i restauranten vår, send e-post til Christer.Stewart.Aarbo@vlfk.no
  • Skulen si kantine er og open heile dagen; her kan ein kjøpe middag, kaffi og kaker.

INFORMASJON:

  • Frå og med kl. 15:00 og utover (kvar heile time) er rådgjevar Hilde Førre til stades i skulen sitt amfi for å gje informasjon til elevar og føresette som vurderer å søke Fitjar vgs.
  • Frå og med kl. 15:30 og utover (kvar halve time) er rådgjevar Hilde Førre til stades i kantina for å gje informasjon om intern og ekstern søking.