Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Møte med stortingspresidenten

Stortingspresident-1.jpg

I går fekk elevane ved helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidar ein heil skuletime med stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.

Elevar og lærarane i samfunnsfag hadde førebudd seg godt, og nokre av elvane fekk sjølv stilla spørsmål til stortingspresidenten under skypemøte i amfiet på skulen.

Stortingspresident-11.jpg

Foto: Stortinget

Ungdommane stilte mange gode spørsmål om demokratiet og tema som t.d. likestilling, miljøkrisa, kommuneøkonomi, kongefamilien og om korleis det er på Stortinget. Trøen, som er sjølv er utdanna sjukepleiar, gav utfyllande og gode svar tilbake. 

Ho fortalte òg om jobben som stortingspresident og om kor mange som jobbar på Stortinget. og om vanskelege saker ho hatt i jobben, som t.d. den pågåande NAV-skandalen. 

Stortingspresident-5.jpg

Foto: Stortinget

Stortingspresidenten veldig opptatt av barn og unge, og set difor stor pris på slike møte med ungdommar, og ønskjer seg at fleire blir samfunnsengasjerte. Ho oppfordra elevane om å vera nysgjerrige og ta på seg oppgåver som dei ikkje var sikre på om dei ville meistra.

Stortingspresident-4.jpg

Foto: Christer S. Aarbø