Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kake- og embalasjekonkurranse

kake-2.JPG

I dag fekk elevane på vg1 RM bruka sin kreativitet i konditorfaget då årets kakekonkurranse skulle gjennomførast. Elevane på Design og handverk og enkelte tilsette fekk vera dei heldige dommarane og smaka på dei 8 flotte kakene.

Etter jobbing heile føremiddagen, kunne elevane setja fram dei flotte kakene. Det var mange fine kaker, og det skulle setjast karakter frå 1 til 6 på både utsjånad og smak.

Det var mykje flott og godt, og det var ikkje så enkelt å dela ut poeng, men etter opppteljing kunne ein kåra Stine Eggøy Nilsen sin Sjokoladekonfekt som vinnar. Ho fekk ei flott kokebok i premie. 

Det vart tett i toppen, og på ein god andreplass kom Cecilie Nøtland Rasmussen med Coocies and Cream. På tredje plass kom festkaka til Vilja Folgerø Dale.

For ei tid tilbake fekk elevane på DH i oppdrag frå undomsbedrifta Søte Små UB å laga embalasje til makroner som dei produserte. Alle elevane har vore i sving, og i dag vart Maja Hairi kåra som vinnar. Ho fekk òg premien sin i dag.

Stine2.jpg
Maja.jpg
kake-1.JPG

Coocies and Cream - Cecilie Nøtland Rasmussen

kake-3.JPG

Festkake - Vilja Folgerø Dale

kake-4.JPG

Red velvet

kake-5.JPG

Rosa drøm

kake-6.JPG

Sommersuksess

kake-7.JPG

Sjokoladekake med ostekrem

kake-8c.JPG

Regnbuekake (Alt blir bra)