Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Håkonarstemne

Håkonarstemnet.jpg

I helga vart Håkonarstemnet 2021 gjennomført på Fitjar, ei markering av at det var gått 60 år sidan statuen av kong Håkon den Gode var avduka av Kong Olav V i parken i Fitjar, og 1060 år sidan Håkon den Gode fekk banesåret sitt i slaget på Fitjar.

T: Christer S. Aarbø - F: Bjørg Strømme og Synne Ødegaard Aarbø

Eit av innslaga denne dagen var hagefest på Fitjar vgs., der lokale og tilreisande gjester både fekk god mat og drikke og oppleva kulturelle innslag. Først fortalte assisterande rektor Christer S. Aarbø om skulens historie og kongemiddagen i 1961, før me fekk sjå eit utdrag frå Håkonarspelet, framført av ungdommar frå Fitjar ungdomsråd og høyra ei korframføring av ein song frå spelet. Etterpå fekk gjestene smaka eit herleg måltid laga den fantastiske gjengen på vg2 kokk- og servitør, som saman med faglærar Astrid Bukkøy serverte klar suppe («Consomme julienne»), nydeleg aure frå Engesund Fiskeoppdrett og alkoholfri mjød laga etter husmorskulens tradisjonelle oppskrift frå 1933 – det smakte fantastisk! Takk for ein flott happening!

Håkonarstemnet (2).jpg
Håkonarstemnet (3).jpg
Håkonarstemnet (4).jpg
Håkonarstemnet (7).jpg
Håkonarstemnet (8).jpg
196655484_327902458736738_2858260580315480781_n.jpg
196177378_3516036178497797_5562750582263877401_n.jpg
196716238_193360339332002_5326409063242181267_n.jpg