Feira nytt fylke

Torsdag 09. januar vart flagget heist, og det nye storfylket vårt vart feira med ei felles markering samtidig på alle dei vidaregåande skulane i Vestland.
T/F: Christer S. Aarbø
Alle elevar og tilsette på Fitjar vidaregåande var samla i kinosalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg der me fekk sjå ei live-sending frå Bergen med talar, videoar og musikk. Etterpå vart det ein fylkes-kahoot, der kvar skule vart representert med eit lag. Laget frå Fitjar vgs bestod av elevar frå påbygg A.
Etter fellesmarkeringa, var det tid for lokale innslag. Rektor Leif Helge Engelsen gav oss eit historisk overblikk over fylket og skulen vår, og avslutta med eit dikt skrive av elevar i 1934. Me hadde og to gjester: Harald Rydland, ordførar i Fitjar kommune, og Heidi Bergsvåg Ekrheim, fylkestingsrepresentant (Sp) og ordførar i Etne kommune, som begge hadde ein tale og helste elevar og tilsette til lukke med det nye fylket.
Feiringa vart avslutta med gratis kake til alle, vakkert pynta med det nye fylkesvåpenet.



