Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Erasmus + møte, Thinking Schools, Succsess for every student i Riga

utanfor møtet.jpg

Me var tre lærarar som reiste til Riga saman med rektor 23.-26.04.19. Me kom tysdag kveld til fint vêr og god temperatur.


Ena Ulversøy


Onsdag morgon starta opplegget med møte hos Senter for Education and Information services of Riga. Her møtte me partnarane våre, og gjekk gjennom kva som gjenstår i prosjektet og la planar for resten av prosjekttida.

Dag nummer to starta med skulebesøk. Me besøkte to offentlege Latviske skular, og fekk følgje ein undervisningstime ved kvar skule. Me fulgte ein time med undervisning i 3. klasse, som føregjekk på Latvisk, og ein time med 7. klasse som føregjekk på engelsk. Dei brukte metodikken me jobbar med, og det var veldig interessant å sjå kor aktive og engasjerte elevane var.

Etter skulebesøka fekk me ein guida omvising i Riga, før me hadde offisiell middag om kvelden.

Den tredje og siste dagen besøkte me ein privat skule som låg sentralt i byen. Her fekk me omvising og presentasjon av rektor.

Project summery and results

byen.jpg
und..jpg
7.kl.jpg