Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arbeiderpartiet flest røyster i skulevalet

valurne-1.jpg

Måndag 06.09 gjennomførte me årets skuleval på Fitjar vgs. Deltakarprosenten var 82,7%, og valet vart gjennomført som eit papirval – mest mogleg likt det ekte valet.

Her er resultata frå skulevalet på Fitjar vgs:

• Arbeiderpartiet: 23%
• Fremskrittspartiet: 18%
• Høyre: 14,4%
• Sosialistisk Venstreparti: 13,7%
• Rødt: 10,8%
• Senterpartiet: 8,6%
• Venstre: 7,2%
• Kristelig Folkeparti: 1,4%
• Helsepartiet: 1,4%
• Miljøpartiet De Grønne: 0,7%
• Pensjonistpartiet: 0,7%