Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

5-årsdag på BU

Bursdag-133b.JPG

Den siste dagen før haustferien brukte BU på førebuing og gjennomføring av bursdagsfeiring av tre 5-årsdagar.

Tema for dagen var barnebursdag, og dei tre elevane i klassen som hadde bursdag i september vart hovudpersonar i bursdagsfeiringa. I forkant av dagen var det laga invitasjonar og det vart laga kroner til bursdagsborna.

Føremiddagen vart òg brukt til å pynta restauranten med ballongar og anna pynt, det vart baka kaker, laga muffins, fruktspyd, fruktsalat og gele. Det vart dekka fint på borda og "grilla" pølser på steikepanne, før "ungar" og andre gjester var klare for bursdagsfest.

Selskapet opna med Ole Brumm og pappegøyen frå Amerika alias Rita og Sissel som er lærarar i klassen. Pedagogisk leiar i "barnehagen", Ingrid Grimstad, leia selskapet, der det vart bursdagssong, mat, adjektivforteljing og festing av hale på grisen.

Blodsukkeret steig sikkert nokre hakk, men det såg ut som alle kosa seg.

Bursdag-003.JPG
Bursdag-035.JPG
Bursdag-037.JPG
Bursdag-065.JPG
Bursdag-072.JPG
Bursdag-099.JPG
Bursdag-122.JPG
Bursdag-123.JPG
Bursdag-130.JPG