PC-ordning og IKT-hjelp
Her er informasjon om PC-ordninga, elevsuperbrukar og kontortider for IKT-konsulent.
PC-ordninga:
IKT-hjelp
Rolf -Atle Rolfsnes er IKT-konsulent på skulen, og kan hjelpa deg med ulike IKT-problem. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Her er noko av det du kanskje klarer å ordna sjølv:
- Byte passord
- Installere Office 365 (husk også å gå inn på OneDrive og slå på synkronisering)
- Utskrift
Når du skal laste ned og installere Office-pakken, brukar du din iskule-konto (e-.....@iskule.no) og passordet du har på its learning m.m. Det same brukar du når du har installert og skal logge på og aktivere Office.
Dersom du ønskjer å bruka Google, brukar du den same iskule-kontoen (e-.....@iskule.no) og det same passordet.
IKT-konsulenten
Rolf-Atle har kontor i gamlebygget (ved ekspedisjonen) og er vanlegvis på jobb frå 07.50 - 14.30. Tysdagar og fredagar er han normalt på Austevoll vgs.
Leiar med IKT-ansvar
Guro Betten er leiar med IKT-ansvar, og har kontor i administrasjonsgangen i gamlebygget. Spørsmål rundt its learning og pedagogisk bruk av programvare m.m. kan du ta opp med ho eller Rolf-Atle.