Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tekniske utdanningar

Dei tekniske utdanningane ved Fagskolen i Hordaland gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Vi utdannar fagskoleingeniørar innan tekniske utdanningar. Etter skolegang kan studentane gå rett i jobb eller velje å studere vidare. Erfaringa viser at alle som går direkte ut i jobb etter å ha vore student hos oss får interessante og godt betalte jobbar. Vi har eit stort tilbod innan dei tekniske utdanningane og tilbyr både heiltids- og deltidsutdanningar.


Jobbmoglegheiter

Fagskoleingeniørar er kvalifisert for arbeid og oppgåver på operasjonelt leiarnivå, innanfor ulike type yrke, i både privat og offentleg sektor. Utdanninga kvalifiserer, saman med praktisk pedagogisk utdanning frå høgskolen, også til å bli faglærar i vidaregåande opplæring.


Kva for tittel får ein etter å ha fullført dei tekniske utdanningane?

Etter to-årig utdanning innan dei tekniske utdanningane blir ein fagskoleingeniør.


Kva er ein fagskoleingeniør?

Fagskoleingeniøren kan kombinere praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver og ta eit bevisst ansvar for samspelet mellom teknologi, miljø og samfunn, både nasjonalt og internasjonalt. Vidare kan fagskoleingeniøren stimulere til nyskaping, etablering og drift av ulike verksemder. I tillegg til det har fagskoleingeniøren grunnlag for undervisnings- og opplæringsverksemd.