Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiestart 2020

 

Velkommen som ny student og velkommen tilbake som student ved Fagskolen i Hordaland!

Vi førebur ein god og trygg studiestart for alle, og vi gler oss til å sjå nye studentar og til å treffe igjen alle dei andre.

Første skoledag

Det blir fysisk oppmøte på studiestad på første skoledag. Vi følger gjeldande smittevernreglar, dersom du kjenner deg sjuk skal du ikkje møte opp, men send oss ein e-post til post.fih@vlfk.no. Oppmøte vil bli registrert.

Heiltidsutdanningane våre startar opp måndag 17. august. Studentane som følger eit nettstøtta studium møter ikkje fysisk opp før første samlingsveke.

 

Sjekk ditt studiestad for informasjon om kva som gjeld for ditt studium.

Er du ny på Fagskolen i Hordaland? Velkommen!

Begynner du på ei heiltidsutdanning, skal du møte opp 17.08 seinast kl. 1200 i Haugeveien 28.

Kvar klasse samlast i eit klasserom. Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Begynner du på ei nettstøtta utdanning, møter du opp på første samlingsveke. Lista over samlingsvekene finn du her . Sjekk vekene for første klasse (t.d. 1. bygg nett)

Skal du studere ved ei helsefagleg utdanning? 

Psykisk helse- og rusarbeid kull-20 startar i veke 38, med undervisning kvar dag frå måndag til fredag. Deretter blir det undervisning kvar torsdag. Meir info om tidspunkt kjem.

Fortsett du i år med utdanninga di?

Er du heiltidsstudent, møter du opp 17.08 seinast kl. 1000 i Haugeveien 28. Kvar utdanning samlast i eit klasserom. Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Dersom du er nettstudent, møter du opp på første samlingsveke. Lista over samlingsvekene finner du her.

Helsefaglege utdanningane følgjer sin undervisningsplan: Steril-19 startar tysdag 25.08 i uke 35, mens Psykisk helse- og rusarbeid-19 startar onsdag 19.august i uke 34.

 

Er du ny på Fagskolen i Hordaland? Velkommen!

Du skal møte opp 17.08 seinast kl. 1200 i Odd Frantzens plass 6.

Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Fortsett du i år med utdanninga di?

Da møter du opp 17.08 seinast kl. 1000 i Odd Frantzens plass 6. Kvar utdanning samlast i eit klasserom. Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Er du ny på Fagskolen i Hordaland? Velkommen!

Du skal møte opp 17.08 seinast kl. 1200 i Sauganeset 18, 5392 Storebø

Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Fortsett du i år med utdanninga di?

Da møter du opp 17.08 senast kl. 1000 i Sauganeset 18. Kvar utdanning samlast i eit klasserom. Våre tilsette vil vise deg vegen til riktig klasserom.

Arborist

Velkommen til arboristutdanning ved Fagskolen i Hordaland!

Oppstart måndag 31.august kl 08.30. 

Oppmøte for dei som treng rom på internatet til Hjeltnes, søndag kveld frå kl 18-20. Kjem du før eller etter dette, gi beskjed så ordnar det seg. (NB! Det vert ikkje kveldsmat søndag kveld, så ta med mat eller et undervegs :))

Fagskolen i Hordaland (FIH)

Fagskolen i Hordaland er ein stor fagskule med utdanningar innan tekniske fag, maritime fag, petroleumtekniske fag, helsefag, arborist, lokal matkultur osv. Sjå meir informasjon om skulen her. Arboristutdanninga starta opp i 2010 og vert gjennomført ved studiestad Hjeltnes.  
 
Studiestad Hjeltnes

Studiestad Hjeltnes tilbyr utdanningane arborist og lokal matkultur. Hjeltnes var tidlegare en vidaregåande skule for gartnar, anleggsgartnar og blomsterdekoratør. No er det studiestad for Fagskolen i Hordaland. Hardanger produksjonsskule driv staden og har tilbod for ungdom som ikkje er i vidaregåande skule.  Det komande skuleåret vert det 3 fagskuleklassar på deltid ved Hjeltnes, 2 klassar med lokal matkultur og 1 klasse arborist. I tillegg vert det 2 vaksenopplæringsklassar gartnar, i tillegg til ungdomane på produksjonsskulen. Dei vaksne klassane vil ofte ikkje vere på skulen dei same vekene, pga internatet.  Hjeltnes ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden. Om du skal nytte deg av offentleg transport så er tog til Voss eit greitt alternativ. Har du spørsmål om korleis du skal kome deg til Ulvik, ta kontakt.

Denne er ei deltidsutdanning, derfor møter du opp på første samlingsveke. Lista over samlingsvekene finn du her .

 

Fortsett du i år med utdanninga innan lokal matkultur?

Vi sjåast på første samlingsveke.

Denne er ei samlingsbasert utdanning, derfor møter du opp på første samlingsveke. Lista over samlingsvekene finn du her.

Meir informasjon om studiestad Stord kjem.

Er du ny på Fagskolen i Hordaland? Velkommen!

Anleggsutdanning er ei nettstøtta utdanning. Som nettstudent, møter du opp på første samlingsveke. Lista over samlingsvekene finner du her.

Informasjon om korleis du kjem på skolen, parkering, m.m. finn du her 

Kontaktinformasjon på lærarar ved studiestad Voss finn du her 

Fortsetter du i år med utdanninga di?

Vi sjåast på første samlingsveke.

Sjekkliste for ein god studiestart

Det er mange spørsmål du kan ha knytt til studiestart. I denne sjekklista har vi samla dei viktigaste punkta for ein god start. 

For å halde på studieplassen din, skal du møte fysisk opp på skolen på første skoledag (informasjon om dato finn du øvst på denne sida. Trykk på din studiestad).

Dersom du ikkje har anledning til å møte opp, skal du gi beskjed til oss. Send e-post til post.fih@vlfk.no med grunngjeving og med informasjon om når du kan møte opp.

Nokre dagar før studiestart vil du få ein SMS med ein kode for å logge deg på itslearning. Ta godt vare på denne meldinga. Du vil trenge brukarnamn og passord for å logge deg på fagskolens læringsplattform m.m.

Alle studentane skal betale semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen, avgift er satt til kr 550,- pr semester i studieåret 2020/21. Faktura på semesteravgift vil bli sendt frå fagskolen etter at du har møtt opp på skolen.

Studentane som tar ei heiltids utdanning har ikkje avgifter utover semesteravgifta.

Studentane som tar ei nettbasert utdanning vil bli fakturert kr. 3 000,- pr. semester. Dette gjelder studentane som startar si utdanning hausten 2020.

Alle fagskoleutdanningar gir støtte i Lånekassen.

Andre kurs gir ikkje støtte i Lånekassen.

Skal du studere i Bergen som heiltidsstudent, kan du søke om hybel hos Studentsamskipnaden på Vestlandet – Sammen. Sammen jobbar for at studentar på Vestlandet skal få ei flott studietid. Ved å betalte semesteravgifta får du tilgang til alle Sammen sine tilbod – treningssenter, barnehagar, helsetenester, bustader, kafear med meir.

Dersom du studerer i Bergen som nettstudent og trenger ein sted å bu under samlingane, kan du også ta kontakt med Sammen. Dei tilbyr også vekeleie ved ledig kapasitet.

Det er dessverre ikkje hyblar ved dei andre studiestadene per i dag, med unntak av studiestad Hjeltnes. Du vil ha tilgang til helsetenestar og rådgjevingstenestar som Sammen tilbyr.

Så snart du har fått tilbod om studieplass, kan du søke om lån og stipend hos Lånekassen. For å få utbetalt stipend og studielån må du ha betalt semesteravgift og ha møtt opp på skolen.

Studieplan for di utdanning finn du på nettsida for utdanninga.

Boklista finner du her

Sjekk her  kva PC-krav som gjelder for utdanninga di.

Studentane ved dei helsefaglege utdanningar skal legge frem politiattest ved studiestart. Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.Hugs at politiattest ikkje skal sendast pr. e-post.

I vårt kvalitetssystem finn du skjema for å søke om tilrettelegging eller fritak.