Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiestad Hjeltnes

I vakre omgjevnader på studiestad Hjeltnes i Ulvik, tilbyr Fagskolen i Hordaland utdanning innan Arborist og Lokal matkultur. Begge desse utdanningane er einaste tilbodet i landet.
hjeltnes-gartnarskule-1.jpg

Hjeltnes ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden. Om lag 5 mil frå Voss, 15 mil frå Bergen og 35 mil frå Oslo.
Fagskolen har gode undervisningslokale, digitalt klasserom, bibliotek, eige kjøkken for studentane på lokal matkultur og eige utstyrsrom for arboristane.
Fagskolen held til på same området som Hardanger produksjonsskole. Produksjonsskolen driv gardsbruket med mellom anna produksjon av frukt og grønsaker, dyrehald og har eigen fiskebåt. Matproduksjon skjer i samarbeid med fagskoletilbodet Lokal matkultur.
Hardanger produksjonsskole har 2 internatbygg og leiger ut hyblar til studentar på fagskolen. Internatbygget har felles kjøkken og stove, vask på rommet og kvar gang deler dusj/toalett. I kantina blir det servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat.

Finn oss på kartet Send oss ein e-post