Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bibliotek

Velkomen til biblioteket i Haugenveien 28. Dette er biblioteket i Bergen med best utsikt som garantert gir godt humør!
Bildet - biblio--lesekrok-mindre.jpg

Biblioteket er ope alle kvardagar frå kl. 07.30 til kl. 22.00.

Dersom du ønskjer å låne bøker når bibliotekaren ikkje er der, låner du ved å ta eit bilde (med mobiltelefonen) av skolen sin bokmerkelapp på dei bøkene du skal låne. Bilde, samt namn og klasse (dersom du er student) skal sendast til: monskj@gskole.no

Korleis ein skal registrere bøker ein låner

 
Her er god plass til kollokviegrupper og individuelt arbeid og det finst to PCer som studentane kan bruke. Dagens avisar ligg i tidsskriftavdelinga og der har du utsikt både til Laksevåg og Sandviken.
Stort utval av faglitteratur, skjønnlitteratur både i form av lydbøker og vanlege bøker, eig hylle for engelskspråkleg skjønnlitteratur og for krimlitteratur.
Du finn oss i 4. etasje i det nye bygget i Haugeveien 28.

Bildet- biblio---utsikt.jpg