Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søkjarinformasjon

Du søkjer via www.samordnaopptak.no. Søknadsfrist 15. april. Søknadsportalen opnar 1. februar.

Søk studieplass Dokumentasjon til søknad

 

Du søkjer studieplass gjennom Samordna opptak. Husk søknadsfrist:15. april.
Søknadsportalen opnar 1. februar. 

Nødvendig dokumentasjon må vere lasta opp saman med søknaden innan 15. april. På nettsidane våre finner du ei liste over kva dokumentasjonen du skal laste opp. Les meir her . Samordna opptak beskriv også kva dokumentasjon du skal laste opp mens du søkjer.

Har du spørsmål om utdanninga, ta gjerne kontakt med oss på post.fih@vlfk.no.
Lurar du på korleis du søkjer i portalen, ta kontakt med Samordna opptak: sokerinfo@samordnaopptak.no

Det generelle grunnlag for opptak er:

> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/vitnemål,
eller
> realkompetansetilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetansei felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hunsøker studieplass.


NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

Kvar utdanning har ei liste over relevante fagbrev/vitnemål som kvalifiserer til opptak. Sjå sida til den aktuelle utdanninga som du er interessert i for å få vite om du har relevant fagbrev.

Følgjande utdanningar har spesielle opptakskrav i tillegg til dei generelle opptakskrava:

  • Maritim utdanning
    • Bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.
  • Petroleumsteknisk utdanning
    • Godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk. Offentleg godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk kan bli erstatta av kursbevis frå bestått 420 timars grunnleggande kurs i bore- og brønnteknikk avlagt før 1. august 2007.

Meir informasjon om realkompetanse finn du her

Realkompetanse

 

Søkjarar med utanlandsk utdanning

Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig teknisk fagskole.Søkjarar utanfor Norden må dokumentera opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Søkjarane må i tillegg dokumentera norsk kunnskapar jamfør nivå B2 i «Test i norsk – Høyere nivå» (Bergenstesten).

Lurer du på korleis søkjarar blir poengberekna?

Denne tabellen viser korleis søkjarar med fagbrev blir poengberekna.

OmtalePoeng

Relevant fagbrev / vitnemål

10 poeng
Relevant yrkespraksis i 100 % stilling utover det generelle grunnlaget for opptak, jf. gjeldande studieplan 1 poeng per 6 md.
(inntil 10 poeng)

Fagprøve med «greidd mykje godt»

5 poeng

Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet inkl. praksistid

5 poeng

Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet med «greidd mykje godt»

2 poeng

Gjennomsnittleg karakterpoeng av talkarakterane i alle fag.

Multipliserast med 10

 

Søkjarar med høgast poengsum blir rangert først.
Ved lik poengsum skal søkjarar rangerast etter alder. Eldre søkjarar vert rangert først.

Søkjarar med realkompetanse blir ikkje poengberekna. Dei blir vurdert som kvalifisert / ikkje kvalifisert og vil få poensum 0 dersom dei er kvalifiserte.

Alle utdanningane ved Fagskolen i Hordaland er NOKUT-godkjente, og studentane kan søkje om lån og stipend i Lånekassen.

lanekassen_rgb_farger.png

 

Fagskolen i Hordaland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet Sammen.
Alle studentane skal betale semesteravgift til Sammen, avgifta er satt til kr 550,- pr semester. Fagskolen fakturerer studentane etter studiestart for semesteravgift.

logo_sammen_cmyk.jpg

 

Studentar ved heiltids- eller deltidsutdanningane har ikkje utgifter utover semesteravgifta.
Studentar ved ei nettbasert utdanning med samlingar må betale ei studieavgift på kr. 3 000,- pr. semester. 
Utdanninga lokal matkultur vert unntatt frå denne avgifta. 


I tillegg må studentane sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv. 

Du kan finne meir informasjon om opptak på Forskrift om opptak ved Fagskolen i Hordaland