Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nettbasert studium

Nettbasert studium med samling følgjer dei same emna som heiltidsstudiet (120 studiepoeng), men utdanninga går over 3 år i staden for 2. Studiet gjennomførast som ein kombinasjon av nettbasert undervisning, samlingar og sjølvstudium. Det er lagt opp til 6 obligatoriske samlingar kvart skuleår. Kvar samling går over ei heil veke ( kl. 8.00 – 16.00). I tillegg kjem nokre prøve- og eksamensdagar.

Nettbasert studium med samling er lagt opp at ein kan jobbe ved sida av studiane, men gjennomføringa av studiane må avklarast med arbeidsgjevaren, sidan fråvære ikkje kan overstige 20%. 

Studentane jobbar mellom samlingane og bruker læringsplattforma itslearning som kommunikasjonskanal. På plattforma finn ein også informasjon om aktuelle arbeidsoppgåver, innleveringar, faglitteratur, videoar og undervisningsmateriell. Det er lagt opp at mellom samlingane studentane skal levere inn oppgåver, notat eller lignande. 

Utdanninga har ei studiebelastning på 67%. 

Fra og med studieåret 2020/2021 er det innført ei studieavgift for nettbaserte utdanningar. Avgifta er på kr 3 000,- i semester og vil vert fakturert studentane ved studiestart.