Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bestilling av vitnemål med studiepoeng og gradsnemning

Dette gjeld berre utdanningar som blei gjennomført frå og med 01. 08. 2011.
Etter den nye lova for høgare yrkesfagleg utdanning, vil «fagskolepoeng» skifte namn til «studiepoeng» frå og med 1. juli 2018. Fagskolepoenga vil ikkje miste gyldigheit etter dette, og ein kan bruke eit vitnemål på same måte som eit med studiepoeng.
Studiepoeng gjeld ikkje for vitnemål som ikkje har fagskolepoeng og for utdanningar som blei gjennomført til og med 31. 07. 2011.
Dersom ein ønskjer å få eit nytt vitnemål med studiepoeng og gradsnemning, må ein ta direkte kontakt med fagskolen der utdanninga blei gjennomført.

For vitnemål frå Fagskolen i Hordaland skal studenten:
  • fylle ut skjemaet på denne sida
  • levere inn det gamle vitnemålet 

Studentane kan levere det gamle vitnemål til Servicetorget i Haugeveien 28 (Bergen) eller per post til Fagskolen i Hordaland, postboks 1876, 5817 Bergen.

Pris: kr 400,-. Faktura vil komme i posten saman med vitnemål.
Behandlingstid: Opp til 60 dagar.