Fagskolen i Hordaland tilbyr to utdanningar innan maritime fag. Målet med utdanningane er å utdanne skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk – som kjenneteikn på den kvalitet som blir kravd for å møte morgondagen sine utfordringar. Fagskolen i Hordaland bruker moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator, radiosimulator m.m.
Kva tittel får eg etter fullført maritim fagskule?
Etter toårig maritim fagskule kan ein bli dekksoffiser eller maskinoffiser, og med tilstrekkeleg fartstid bli kaptein eller maskinsjef.
Frå og med hausten 2020 er det gjort endringar i studieplanar for både dekk- og maskinoffiser utdanninga. Endringane fører mellom anna til at det vert ei 2-årig gjennomgåande utdanning, og at det ikkje lenger vil vere mogleg å avslutte utdanninga etter fyrste år, som kvalifiserer til D4 og M4 sertifisering