Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bransjemodular på Stord

I samarbeid med industrien i Sunnhordland tilbyr fagskolen no 4 bransjemodular frå hausten 2020

Følgjande modular vert tilbydd

  • M3 Prosjektplanlegging for leverandørindustrien (10 stp.)
  • M4 Produksjonsledelse for leverandørindustrien (10 stp.)
  • M6 Sveising for leverandørindustrien (10stp)
  • M7 Isolering av tekniske installasjoner for leverandørindustrien (10stp)

Modulane vert gjennomført hausten 2020. Samlingane vil vere i lokalene til Kværner på Stord.

Organisering

Kvar modul vert gjennomført med 3 samlingar á 2 dagar, i tillegg er det lagt opp til eigenstudie. Det er obligatoriske innleveringar og ein avsluttande 5 timers eksamen ved kvar modul.

Det er krav om 80 % obligatorisk frammøte i undervisninga.

Fullført og bestått modul gjev vitnemål med 10 studiepoeng.

Oppstart og samlingar

M3 har følgjande samlingsveker:
Veke 43, 49 og 03 eksamen i veke 7/2021.
M4 har følgjande samlingsveker:
Veke 42, 47, 3/2021 eksamen i veke 6/2021
M6 har følgjande samlingsveker:
Veke 45, 51 og 04. eksamen i veke 7/2021.
M7 har følgjande samlingsveker:
Veke 42, 47 og 1/2021, eksamen i veke 6/2021

Søknad

Søknadsfrist er 10. september 2020

Digitalt søknadsskjema finn du over til høgre på denne sida, og du må bruke Bankid for å søkje.

Opptakskrav

Grunnlag for opptak til studietilbod er a) eller b) under:

a) fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev/svennebrev fra relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.

b) realkompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer Vg1 og Vg2 i yrkesfaglig utdanningsprogram. Søker må ha fylt 23 år innen det året han søker studieplass.

Sjå studieplan for informasjon om kva fagbrev som er relevant opptakskrav.

Kostnader

Studiet er gratis, men studentane må sjølv dekke utgifter til bøker (om lag kr 1000,- til 2000,- per modul) Studentane må også ha PC.