Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bransjemodular i Nordhordland

I samarbeid med Nordhordland næringslag tilbyr fagskolen no 4 bransjemodular for industrien i Nordhordland frå hausten 2020

Følgjande modular vert tilbydd våren 2021

  • M2 Teknisk dokumentasjon og kommunikasjon for leverandørindustrien (10 stp.)
  • M4 Produksjonsledelse for leverandørindustrien (10 stp.)
  • M5 Teknisk engelsk for leverandørindustrien (10 stp.)

Ein modul starta opp hausten 2020 (M3), og dei tre siste modulane startar våren 2021. Det er mogleg å ta fleire modular parallelt. Samlingane vil vere på Austrheim vidaregåande skule. 

Digitalt informasjonsmøte 15. desember

 

 

Organisering

Kvar modul vert gjennomført med 3 samlingar á 2 dagar, i tillegg er det lagt opp til eigenstudie. Det er 2 obligatoriske innleveringar for å kunne stille til eksamen. Modulane har ulike eksamensformer, sjå under eksamen i studieplanen for den enkelte modul for informasjon om dette.

Studenter som deltek i bransjeprogrammet må få tilrettelegging frå arbeidsgjevar for å kunne delta i undervisning ol. Det er krav om 80 % obligatorisk frammøte i undervisninga. Kompensasjonsordningar vert avtala individuelt mellom student og verksemd. Søkjar må legge ved signert avtale frå arbeidsgjevar om at det blir gitt fri til undervisning.

Fullført og bestått modul gjev vitnemål med 10 studiepoeng.

Oppstart og samlingar

M2, M4 og M5 har følgjande samlingsveker:

  • M2 - Veke 3, 10, og 16, eksamen veke 19.
  • M4 - Veke 4, 11 og 18, eksamen veke 22.
  • M5 - veke 6, 14 og 21, eksamen veke 23.

Undervisningsdagar er torsdag kl. 08-16, og lørdag kl. 09-17 i samlingsvekene. 

Søknadsfrist er 10. januar 2021

Digitalt søknadsskjema finn du over til høgre på denne sida, og du må bruke Bankid for å logge inn.

Opptakskrav

Grunnlag for opptak til studietilbod er a) eller b) under:
a) fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev/svennebrev fra relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.

b) realkompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer
Vg1 og Vg2 i yrkesfaglig utdanningsprogram. Søker må ha fylt 23 år innen det året han søker studieplass.

Sjå studieplan for informasjon om kva fagbrev som er relevant opptakskrav.

Kostnader

Studiet er gratis, men studentane må sjølv dekke utgifter til bøker (om lag kr 1000,- til 2000,- per modul). Studentane må også ha PC.