Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bransjemoduler I helsefag - Velferdsteknologi

I samarbeid med Bergen kommune og Voss kommune tilbyr fagskolen 3 bransjemoduler for helsearbeidarar frå hausten 2020

I samarbeid med Bergen kommune og Voss kommune tilbyr fagskolen 3 bransjemoduler for helsearbeidarar frå hausten 2020 
Følgjande modular blir tilbydd:

  • MH1 Møtet mellom teknologi og omsorg –moglegheiter og utfordringar knytte til velferdsteknologi (10 stp.) 
  • MH2 Velferdsteknologi, digitalisering og e-helse (10 stp.) 
  • MH3 Implementering av velferdsteknologi i helse- og omsorgsteneste -helsearbeidarens nye rolle (10 stp.) 

Modulane blir gjennomført hausten 2020. Samlingane vil vere på Fagskolen i Hordaland, studiestad Nordnes.  

Organisering 

Kvar modul blir gjennomført med 4 samlingar á 2 dagar, i tillegg er det lagt opp til eigenstudie.

For hver modul :Det er to arbeidskrav, en digitalfortelling og et undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget danner grunnlaget for en prosjekteksamen som skal presenteres på arbeidsplassen.

Studentar som deltek i bransjeprogrammet må få tilrettelegging frå arbeidsgjevar for å kunne delta i undervisning ol. Det er krav om 80 % obligatorisk frammøte i undervisninga. Kompensasjonsordningar blir avtala individuelt mellom student og verksemd. Søkjar må legge ved signert avtale med arbeidsgjevar om at det blir gitt fri til undervisning. 

Fullført og bestått modul gir vitnemål med 10 studiepoeng. 

Oppstart og samlingar 

Meir informasjon kjem 

Søknad

Søknadsfrist er 1. september 2020 
Digitalt søknadsskjema finn du over til høgre på denne sida, og du må buke Bankid for å søkje. 

Kostnader 

Studiet er gratis, men studentane må sjølv dekke utgifter til bøker (om lag kr 1000,- til 2000,- per modul). Studentane må også ha PC og nettilgang.