Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rehabilitering

Rehabilitering

Rehabilitering er i sterk utvikling og endring i samfunnet. Både i kommunane og spesialisthelsetenesta.  Kjerna i utdanninga er at fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne skal gje moglegheit til å oppnå best mogleg funksjons og mestringsevne, sjølvstende og deltaking samfunnet. Studentane får ei opplæring mellom anna i tidlig innsats, pakkeforløp, kvardagsrehabilitering, koordinering, motiverende intervju, brukar- og pårørande-styring og velferdsteknologi. Tilbodet er på Fagskolen i Hordaland sin studiestad Nordnes.

For studieåret 2021-22 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som deltidsstudium.
Du kan søkje studieplass på Samordna Opptak frå og med 01.02.2021

Opptakskrav

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller yrkesvitnemål. 

Relevante fagbrev / yrkeskompetanse er:

  • Ambulansefag 
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfaget
  • Apotekteknikk 
  • Fotterapi 
  • Helsearbeidarfaget 
  • Helsesekretær 
  • Hudpleie
  • Ortopediteknikkfaget
  • Portørfaget
  • Tannhelsesekretær

Vitnemål som hjelpepleiar kvalifiserer til opptaket.

 

eller

Du skal dokumentere:

  • Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over). 

  • Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

  • Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass

Du finn meir info om dette her.

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søkjarinformasjon

Studiet er på 60 studiepoeng, fordelt over 2 år med undervisning i snitt 1 dag i veka på skolen. I tillegg er det nettstøtta opplæring / arbeid via Its learning (ein vil da til saman måtte medrekne ca 2,5 dag skolearbeid pr.veke). Etter vel 1 år med teori, avsluttar utdanninga med 10 veker relevant praksis på fulltid og ein fordjupingsoppgåve.

Utdanninga i psykisk helsearbeid og rusarbeid kvalifiserer m.a. for arbeid innan:
kommunal helse- og omsorgstenester som til dømes bu- og omsorgssenter, rehabiliteringssenter og aktivitetssenter
kultur- og oppvekstsektoren som til dømes ungdomsklubbar, barnehagar, skoler og skolefritidsordningar
arbeids- og velferdsforvaltninga med til dømes oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak
spesialisthelsetenesta i til dømes tverrfaglege team og i behandlingsinstitusjonar som miljøarbeidarar.

Studiestad Nordnes Send oss ein e-post

læringsutbytte

  • Kandidaten:
    har kunnskap om rehabilitering og habilitering for brukarar med funksjonshemming og funksjonsnedsetting , og har kunnskap om funksjonshemming og funksjonsnedsetting i forhold til barn, unge, vaksne og eldre
    har innsikt i relevante lover og forskrifter som gjeld for fagfeltet rehabilitering
    har kunnskap om etiske teoriar, kommunikasjonsverktøy, samhandling og konfliktløysning for brukarar med funksjonshemming og funksjonsnedsetting
    har kunnskap om rehabiliteringsprosessen, brukarmedverknad og individuell plan for den enkelte brukar
    forstår betydninga av helsefremjande og førebyggande arbeid i rehabilitering og kan oppdatere sin kunnskap om organisering av rehabiliteringstenesta
    ha kunnskap om tverrfagleg og tverretatleg samarbeid i rehabiliteringsarbeidet

  • Kandidaten:
    kan nytta kunnskap om behandling, pleie, omsorg og opptrening i rehabiliteringsarbeidet
    kan nytta kommunikasjonsformer og teknikkar i samarbeid med brukarar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
    kan kartlegge, identifisere, planlegge og gjennomføre rehabiliterande tiltak som ivaretar brukarmedverknad, sjølvstendig og i samarbeid med andre fagpersonar
    kan finne, nytta og syne til informasjon og fagstoff til bruk i rehabiliteringsarbeid

  •  Kandidaten:
    har forståing for etiske utfordringar og prinsipp i utøvinga av rehabiliteringsarbeidet
    kan byggje relasjonar med brukar og pårørande slik at både meistring og brukarmedverknad blir vareteke i rehabiliteringsarbeidet
    kan byggje relasjonar med kollegaer på tvers av avdelingar og etatar i samarbeid om tenestetilbodet til brukargruppa
    har utvikla ei etisk grunnhaldning for brukarar med rehabiliteringsbehov og deira pårørande som kjem til uttrykk ved at yrkesutøvinga i varetek brukarmedverknad, meistring og brukaren sin integritet
    kan utvikle arbeidsmetodar til brukargruppene gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen

Meir Informasjon om studiet